Zadar
Zadar | |||
by | |||
Utsyn over Zadar
| |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Zadar | ||
Høgd | 0 m | ||
Areal | 192,4 km² | ||
Folketal | 70 779 (2021[1]) | ||
• by | 67 309 | ||
![]() Zadar 44°07′01″N 15°14′08″E / 44.117°N 15.2355°E | |||
![]() Kommunen Zadar innanfor fylket Zadar
| |||
Wikimedia Commons: Zadar |
Zadar (italiensk Zara, latin Iader eller Iadera) er ein by i Kroatia ved Adriahavet. Rijeka er ein bykommune og administrativt sentrum for fylket Zadar.[2][3] Han er den viktigaste byen i den nordlege delen av Dalmatia. Mellom Zadar og øyane Ugljan og Pašman ligg Zadarsundet.
Zadar har eit folketal på kring 70 000 innbyggjarar. Omtrent 93 % av innbyggjarane er etniske kroatar.
Høgda som den gamle byen ligg på var tidlegare åtskild frå fastlandet av ei djup vollgrav, som seinare har vorte ein fyllplass. Hamna, nordaust for byen, er trygg og vid.
Zadar er sete for både ein katolsk og ortodoks biskop.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Zadar har vore busett i 3000 år. Den første nedteikninga om byen er frå 300-talet fvt., medan ein har funne spor av busetnadar her tilbake til 800-talet fvt. Dei første busetjarane her var stamma Libur. Busetnaden fekk bystatus då han vart erobra av romarane. På starten av 600-talet vart Zadar hovudstad i Dalmatia, noko byen var fram til 1918.
Det har i mellom denne perioden vore mange herskarar i byen. Frå 600-talet var det kroatar og ungararar som styrte byen. Frå 1409 kom byen inn under Republikken Venezia, som styrte byen fram til 1797. Etter dette kom området inn under det første austerriksk styre fram til 1814. Frankrike tok over området fram til 1818, før Italia styrte området fram til slutten av den første verdskrigen.
Etter avtalen frå 1920 i Rapallo vart byen verande italiensk. Etter kraftige bombardement under den andre verdskrigen vart byen ein del av Republikken Kroatia i Jugoslavia, og då Jugoslavia braut saman i 1991, vart byen kroatisk.
Folketal
[endre | endre wikiteksten]Folketalet i dei største busetnadene i kommunen ved dei siste folketeljingane var:
Folketal 2001[4] | Folketal 2011[5] | Folketal 2021[1] | |
---|---|---|---|
Zadar | 69 556 | 71 471 | 67 309 |
Kožino | 583 | 815 | 800 |
Crno | 420 | 537 | 622 |
Petrčane | 617 | 601 | 572 |
Silba (øy) | 265 | 292 | 344 |
Kommunen Zadar | 72 718 | 75 062 | 70 779 |
Folketalet i 2021 på dei busette øyane i kommunen:[1]
Merknader
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]Referansar
[endre | endre wikiteksten]- ↑ 1,0 1,1 1,2 «Population by age and sex, by settlements, 2021 Census». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk og engelsk). 2022. Henta 13. januar 2025.
- ↑ «The Constitution of the Republic of Croatia» (PDF) (på engelsk). Constitutional Court of the Republic of Croatia. 15. januar 2014. Henta 7. januar 2025. Offisiell omsetjing
- ↑ «Zakon o područjima županija, gradova i općina u Republici Hrvatskoj (Lov om territoria til fylke, byar og kommunar i Republikken Kroatia)». Narodne novine (Offisielt lysingsblad) (på kroatisk). 19. juli 2006. Henta 7. januar 2025.
- ↑ «Census 2001; Population by age and sex, by settlements». Croatian Bureau of Statistics (på kroatisk og engelsk). Henta 13. januar 2025.
- ↑ «Census of Population, Households and Dwellings 2011; Population by age and sex, by settlements» (på engelsk). Croatian Bureau of Statistics. Henta 13. januar 2025.