Korporativisme
Korporativisme (frå latin corpus, 'lekam', i overført tyding 'organisasjon') betydde opphavleg eit system der dei politiske organa vart samansette av utsendingar frå organisasjonar, laug, yrkesgrupper og næringsvegar i staden for val ved allmenn stemmerett. Historisk kan omgrepet førast tilbake til både stenderstaten og dei yrkes- og næringsorganisasjonane som kjøpmenn og handverkarar etablerte frå 1100-talet og framover.
Det er to hovudformer for korporativisme, kalla statskorporativisme og samfunnskorporativisme, der den førstnemnde er totalitær, medan den andre er demokratisk. I samfunnskorporativismen supplérer korporativismen («organisasjonskanalen») demokratiske val i «den numeriske kanalen» (Stein Rokkan), men erstattar dei ikkje. Samfunnskorporativismen betyr då eit frivillig samarbeid mellom organisasjonar i arbeids- og næringslivet, og mellom desse og den demokratiske staten, i ein blandings- eller forhandlingsøkonomi, som i Norden.
Statskorporativismen vart bruka mellom anna i det fascistiske Italia. Det var eit styringssystem basert på ein ovanfrå-og-ned-modell, der dei korporative institusjonane si viktigaste oppgåve var å disiplinere medlemsmassane i arbeidslivsorganisasjonane. Frie fagforeiningar var forbodne. Den fascistiske eittpartistaten skulle sjølv vere ein stram korporasjon, med vekt på einskap og disiplin.
I samfunnskorporativismen er motivet frå styresmaktene si side for å trekkje organisasjonane inn i avgjerdsprosessane mellom anna dette:
- Utvide kunnskapsgrunnlaget for offentleg politikk.
- Gje statsinngrep legitimitet ved at dei berørte partane blir medansvarlege.
- Bringe sosiale spenningar under kontroll.
- Delegére arbeidsoppgåver til eksterne organ etter kvart som staten utvidar arbeidsområdet sitt.
Dei skandinaviske landa, i tillegg til Austerrike, har ofte vorte trekte fram som land der korporative innslag i statsforvaltninga er særleg store.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Korporativisme» frå Wikipedia på bokmål, den 26. desember 2006.