Kortfilmfestivalen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Den norske kortfilmfestivalen, Kortfilmfestivalen i Grimstad eller berre Kortfilmfestivalen, er ein norsk filmfestival for norsk og utanlandsk kortfilm. I tillegg til konkurranseprogramma for kortfilmane viser festivalen blant anna eldre kortfilmar, internasjonale dokumentarfilmar og nyare film- og videoeksperiment. Festivalen held dessutan fleire filmfaglege seminar. Kortfilmfestivalen er ein viktig debutarena for unge filmskaparar i Noreg og ein av dei viktigaste visingsstadene for fri og uavhengig film, òg for etablerte filmfolk.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Festivalen vart arrangert første gongen i 1978, i ein liten kinosal på Røros. I 1982 flytta festivalen til Trondheim, før han i 1988 fekk den endelege basen sin i Grimstad.

Prisvinnarar[endre | endre wikiteksten]

År Gullstolen Terje Vigen-prisen Beste dokumentarfilm Prix UIP Grimstad Grand Prix Grimstad
2006 Kokos Kjøter Kabal i hjerter Sniffer Aldrig som förste gangen
2007 Kompisar Grenseland Pornostjerne? Tommy Lampa cu caciula
2008 Bygningsarbeidere Sunday Mornings Blod & ære Uguns Three of us
2009 Human Kontroll Presidenten fra Bastøy fengsel
2010[1] Sirkus 1987–1993 Russian Lessons

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Prisvinnere 2010». Kortfilmfestivalen. 21. juni 2010. Arkivert frå originalen 14. mai 2011. Henta 2. juli 2010. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]