Kosmisk nukleosyntese

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Kosmisk nukleosyntese er eit omgrep nytta om kjerneprosessar i det første kvarteret av historia til universet, då dei lettaste grunnstoffa vart danna. Det meste av heliumet i universet vart danna i denne prosessen i lag med små mengder deuterium og ei lita mengd litium. I tillegg til desse stabile kjernene, var to ustabile, radioaktive isotopar produserte: tritium eller H-3 og beryllium-7 (Be-7).

I røynda vart alle grunnstoffa som er tyngre enn litium skapt mykje seinare gjennom stjernenukleosyntese i utviklingande og eksploderande stjerner.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]