Kostyme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Apekattkostyme til dans frå Guatemala.

Kostyme er drakt eller klede som blir brukt i særskilde samanhengar, til dømes ved teaterframsyningar og andre opptredenar innan dans, drama. Kostyme kan òg bli nytta i opptog av religiøs eller annan art, karneval, maskeradeball, kostymeball, rollespel og liknande.

Innan dramatiske oppføringar som teater, opera og danseframsyningar er kostyma ein del av scenografien. Ein kostymedesignar er ein person som teiknar og utformar kostyme ved teater-, film- eller fjernsynsførestillingar.

Nemninga 'kostyme' blir i somme høve nytta om klede som er, eller har vore, vanlege ei viss tid på ein stad, som til dømes om nasjonaldrakter. I denne meininga kan folk nytte kostyme ved nasjonaldagar, festivalar og andre høgtider, som allehelgensaftan eller julekvelden. Men denne bruken av ordet 'kostyme' er meir vanlege i andre språkområde eller land enn Noreg, til dømes i Frankrike, der det tilsvarande ordet stort sett er synonymt med klesdrakt. På svensk vert ordet 'kostym' mellom anna nytta om den mannsdrakta som på norsk går under nemninga 'dress'.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Kostyme

Kjelder[endre | endre wikiteksten]