Koto

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koto
KotoPlayer.jpg
Klassifisering klimpreinstrument, tube zithers
Hornbostel-Sachs klassifisering 312.22-6

Koto (kanji 筝) er eit tradisjonelt japansk musikkinstrument, ein langsiter med 13-strengar. Strenginstrumentet kom til Japan frå Kina på 700-tallet, opphavleg som del av hoffmusikken gagaku. Gjennom mange hundreår utvikla det seg ei særeigen musikktradisjon for instrumentet, kotomusikken (sokyoku 筝曲), uavhengig frå orkesteret gagaku. Den klassiske kotomusikken i dag går attende til 1600-talet. Det finst også eit stort utval nyskapande samtidsmusikk for koto i dag. Koto er i slekt med andre austasiatiske langsitarar, som kinesisk guzheng, koreansk kayagum/gayageum og den vietnamesiske langsitaren đan trành.

Instrumentet er laga av treet paulownia og er om lag 180 cm lang. Det er utforma som ein boga langsitar med 13 strengar som går over 13 flyttbare stolar. Ulike skalaer kan stemmast ved å flytte på stolane. Tradisjonelt klimprar ein strengane med fingerplektrar på høgre tommel, peikefinger og langfinger. Halv- og heiltonar over strengens tone og vibrato får ein fram ved å presse strengen ned med venstre hand, på venstre sida av stolen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]