Guzheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Guzheng

Klassifiseringklimpreinstrument, røyrsiter
Hornbostel-Sachs klassifisering312.22-5
Moderne guzheng med 21 strenger
Guzhengspel

Guzheng (kinesisk skrift 古筝, pinyin gǔzhēng, «antikk zheng») er eit populært tradisjonelt kinesisk strengeinstrument i siterfamilien. Med røter i den kinesiske antikken og det i dag ikkje lenger nytta strengeinstrumentet se er guzheng framleis eit instrument i utvikling.

Talet på strenger og lengda på instrumentet kan variere. Lenge var 12 strenger vanleg, men i dag har den vanlegaste typen 21 strenger. Tradisjonelt var strengene av silke, men i dag er dei av metall med nylonbinding.

Guzheng er eit av dei vanlegare tradisjonelle instrumenta i dagens Kina, og er ofte brukt i kinesisk filmmusikk. Det kan òg høyrast i andre sjangrar, som jazz, rock og eksperimentell musikk.

Eldre former av guzheng er blitt spreidd frå Kina til andre land i Aust- og Søraust-Asia: Japan (koto), Korea (gayageum) og Vietnam (đàn tranh).

Mange musikarar som speler dette instrumentet kan nytta fingerplekter.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Han Mei: «Zheng», i The New Grove Dictionary of Music and Musicians, second edition, edited by Stanley Sadie and John Tyrrell (Oxford, 2001).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Guzheng