Kras

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Italiensk karst (Monfalcone).

Kras (italiensk Carso, tysk Karst), òg kalla Klassisk Karst eller Krasplatået, er eit platå av kalkstein sørvest i Slovenia, som strekkjer seg inn i nordaustlege område av Italia. Det ligg mellom Vipavadalen, dei låge Vipavskaåsane, dei vestlegaste delane av Brkiniåsane, Triestebukta og ein kort del av den italienske grensa mellom Triestebukta og elva Vipava. Den vestlege grensa til Kras er ei gamal etnisk grense mellom italienarar og slovenarar. Regionen er opphavet til det geologiske uttrykket karsttopografi.

Platået stig brått opp frå dei omliggande områda, bortsett frå søraustsida der det ikkje er så bratt. Platået heller svakt frå søraust til sørvest og ligg i snitt 334 meter over havet. Sidan Kras har ei bratt side ut mot Adriahavet er platået i mykje mindre grad påverka av det milde klimaet som havet gjev til dei omliggande områda. Tidlegare var den dominerande vegetasjonen eik, men i dag er det furuskogar. Skogane dekkjer berre ein tredjedel av Kras. Mykje av pålane som held Venezia oppe kjem frå tømmer frå dette området.

Kras er kjend for grottene sine. I Slovenia finn ein Vilenica (den eldste turistgrotta i verda), Lipicagrotta, Divačagrotta, Kačnagrotta, Postojnagrotta og Škocjangrottene (UNESCO verdsarvstad) og i Italia finn ein Grotta Gigante (den største turistgrotta i verda med ein spesiell horisontal pendel som måler tidvasskreftene til månen og jorda.

Det meste av Kras ligg sørvest i Slovenia og dekkjer 429 km² og har om lag 19 000 innbyggjarar fordelt på om lag 100 busetnadar. Byen Sežana er den største byen på slovensk side av grensa, der mellom anna diktaren Srečko Kosovel vart fødd. Andre stader er Divača, Dutovlje og Komen. Štanjel er ein pittoresk landsby på toppen av nordkanten av platået.

Naturtilhøve, som boravinden (burja), og det lokale levesettet har forma arkitekturen i Kras, som består av enkle men veldefinerte former. Kras er kjend for vinen som vert produsert her kalla teran og prosciutto. Ein av dei største turistsentera i området er Lipica.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Kras

Kjelde[endre | endre wikiteksten]