Kriek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eit glas belgisk kriekøl

Kriek er ein type belgisk øl, laga ved å gjære lambic med sure Morello-kirsebær.[1] Namnet kjem frå det flamske ordet for kirsebær. Tradisjonelt blir sorten Shaarbeekse krieken som veks i området rundt Brussel brukt. Tradisjonelt blir kriek laga på bryggeri rundt Brussel ved at dei brukar lambic-øl som dei tilset kirsebær med stein.[2] Lambic er eit surt og tørt belgisk øl som blir spontangjæra. Ein tradisjonell kriek er òg sur og tørr. Kirsebæra blir liggande i ein periode på fleire månader, noko som gjer at det tilsette sukkeret blir gjæra. Typisk blir det ikkje att noko sukker slik at det blir ein fruktsmak som ikkje er søt. Etter at kirsebæra blir fjerna vil modningsprosessen fortsette.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Shepard, Robin (2003). The Best Breweries and Brewpubs of Illinois: Searching for the Perfect Pint. U of Wisconsin P. p. 314. ISBN 978-0-299-18894-8.
  • Clerget, Michel (1999-11-06). «Bruxelles, baroque ou intimiste», L'Humanité Retrieved 2010-01-06.