Kristian Birch-Reichenwald Aars
Kristian Birch-Reichenwald Aars | |
![]() | |
Fødd | 25. september 1868 Christiania |
Død |
4. august 1917 (48 år) |
Yrke | filosof, psykolog |
Kristian Birch-Reichenwald Aars (25. september 1868–4. august 1917) var ein norsk filosof som var sterkt påverka av empirismen.
Kristian Aars var fødd og døydde i Kristiania. Jacob Aars var far hans og Harald Aars bror hans. Han var gift med Marna Aall.
Aars vart cand. theol. i 1892, tok den filosofiske doktorgraden i 1897 og vart i 1900 universitetsstipendiat i filosofi. I 1903 vart han tildelt tittelen professor ved Université Nouvelle i Brussel.[1] Han vart statsstipendiat i 1913.
Kristian Aars gav ut ei rekke arbeid av erkjennelsesteoretisk, psykologisk og moralfilosofisk art, og arbeidde for innføringa av den eksperimentelle psykologien i Noreg.
Verk[endre | endre wikiteksten]
- Tanker og syn (1894)
- Die Autonomie der Moral (1896)
- Indledning til Psykologien (1898)
- Zur psychologischen Analyse der Welt (1900)
- Gut und Böse. Zur Psychologie der Moral (1907)
- Tømmermandens Søn. En fremstilling af Kristi lære (1910)
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Kristian Birch-Reichenwald Aars» frå Wikipedia på bokmål, den 4. april 2012.
- ↑ Isaksen, Asbjørn (1911). Professorer, docenter, amanuenser, stipendiater samt øvrige lærere og tjenestemænd 1911: kortfattede biografier med 164 portrætter og et gruppebillede av Det akademiske kollegium. Kristiania: Gyldendal.