Marna Aall

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Marna Aall
Fødd 8. mars 1873
Død

3. mars 1949

Yrke skribent

Marna (Maren Anna Nielsine) Aall (8. mars 18733. mars 1949) var ein norsk forfattar og kvinnesakskvinne.

Maren Anna var dotter av sokneprest Nils Anton Aall (1833-1896) og Mathilde Susanne Dahl (1842-1910). Ho var gift med filosofen Kristian Birch-Reichenwald Aars (1868-1917) seinare med Maurizio Baricelli (1874-1931). I kvart ekteskap fekk ho to born.

Marna Aall av ut romanane Ensom (1901), Løgn (1907), Menneskenes datter (1931) og Kvinnevilje (1942), forutan eit etterlate manus Dansen om gullkalven. Ho skreiv diskusjonsinnlegg, artiklar, noveller, dikt, små skodespel og filmmanus i kvinnesaksblada Nylænde og Urd (i tida 1899-1948), og i dagspressa.

Ho var medlem av forfattarforeiningar i Noreg og Italia, og var den fyrste kvinna som sat (som varamann) i styret i Norsk Forfatterforening. I denne samanhengen er ho i historia om Norsk Forfatterforening i 1993 (Ordenes pris, av N.J. Ringdal) omtala som naziforfattar, truleg av di broren og stornazisten Herman Harris Aall sat i styret samstundes som ho. Men dei hadde motsette politiske syn, og Marna Aall drog heim til Noreg då fascistane nekta ikkjemedlemer av fascistpartiet å studere, slik at borna Nils og Luisa Aall Baricelli båe tok embetseksamen i realfag i Oslo. Marna Aall sin fyrste mann skreiv til president Wilson og oppmoda USA til å hjelpe dei allierte, hennar andre mann reiste attende frå Noreg til Italia for å vera med i fyrste verdskrigen mot Tyskland, og Marna Aall sin svigerson var medlem av XU under andre verdskrigen. At boka Kvinnevilje i 1942 var på «bestseljartoppen», syner òg at ho ikkje vart oppfatta som tyskvenleg under okkupasjonen. Tvert om uttala ho seg sers fritt om naziovergrep i samtale med broren Hermann og tyske toppnazistar under krigen.

Familien har mange hundre brev til og frå Marna Aall, frå 1887 og framover. Mengda på brev har dels bakgrunn i hennar omflakkande liv, med bustad til dømes på Ulefoss og Førde i Sveio i ungdomen, seinare Bergen, Kristiania, Bonn, Sveits, Paris og Roma på ulike adresser.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]