Kristian Jebsen
Kristian Jebsen | |
Fødd | 16. desember 1901 |
Død |
12. august 1967 (65 år) |
Yrke | forretningsdrivande, reiar |
Kristian Stange Jebsen (16. desember 1901–12. august 1967) var ein norsk skipsreiar. Han grunnla reiarlaget Kristian Jebsens Rederi AS i 1929, som starta med to dampskip og dreiv handel i Nordsjøen. Under andre verdskrigen mista reiarlaget alle dei fire skipa sine, men selskapet vart gjenoppbygt og dreiv kysttrafikk og tankskip.[1]
I 1993 vart reiarlaget til Kristian Jebsen slått saman med Paal Wilson & Co under det nye namnet Wilson.
Privatliv[endre | endre wikiteksten]
Kristian Stange Jebsen var son av banksjef Kristian Gerhard Sundt Jebsen (1872-1950) og skodespelar Jenny Sophie Stange (1873-1962), og soneson av konsul Peter Jebsen (1824-1892). Han var gift med Sigfrid («Sissi») Kjerland (1904-1993). Dei var foreldre til Atle Jebsen (1935-2009), Kristian Gerhard Jebsen (1927–2004) og Aldis Jebsen (1938-1985).[2]
Død[endre | endre wikiteksten]
12. august 1967 var Jebsen på togreise frå New York til Montréal med sonen sin Atle Jebsen. Toget dei var passasjerar på kolliderte med eit godstog 64 kilometer nord for Albany[3]. Kristian Stange Jebsen omkom, men sonen overlevde ulukka.[4]
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- ↑ Kristian Jebsens Rederi AS - Bergen byleksikon
- ↑ Aldis Schotel Jebsen
- ↑ «Desert Sun 12 August 1967 — California Digital Newspaper Collection». cdnc.ucr.edu. Henta 26. oktober 2017.
- ↑ Atle Jebsen - Norsk biografisk leksikon