Kristian Johan Fossheim

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kristian Johan Fossheim
Kristian Johan Fossheim.jpg
Fødd 4. desember 1935
Jølster
Kristian Johan Fossheim på Commons

Kristian Johan Fossheim (fødd 4. desember 1935) er ein norsk fysikar. Han har studert faste stoff ved hjelp av ultralydmetodar og har utvikla eit akustisk mikroskop. Etter oppdaginga av høgtemperatur superleiing har han arbeidd med dette fenomenet.

Han tok dr.philos. i 1972 og var førsteamanuensis ved Institutt for teknisk fysikk ved NTH frå 1970 til 1980, og professor her frå 1980. Fossheim har vore forskar ved fleire utanlandske institusjonar. Gruppa han har leia har hatt nært samarbeid med forskingsgrupper i Japan, Europa og USA.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]