Kristin Maurstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kristin Maurstad
Fødd30. april 1980 (43 år)
Statsborgar avNoreg
PartiArbeidarpartiet
Yrkepolitikar
FarJon Aasen
Alle verv
  • ordførar i Vågsøy (2015–2019)
  • vararepresentant til Stortinget (2009–2013)
  • vararepresentant til Stortinget (2013–2017)
  • vararepresentant til Stortinget (2017–2021)
  • statssekretær (Nærings- og handelsdepartementet, 2012–2013) Sjå dette på Wikidata

Kristin Maurstad (fødd 30. april 1980 i Vanylven)[1] er ein norsk politikar for Arbeidarpartiet.

Maurstad var ordførar i Vågsøy kommune frå 2015 fram til kommunesamanslåinga i 2020.[2] Ho vart fyrste gong vald inn i kommunestyret i 2007.[3] Frå 2011 til 2015 var ho varaordførar.[4]

Maurstad var vararepresentant til Stortinget frå Sogn og Fjordane i tre periodar frå 2009 til 2021.[1] Frå desember 2012 til april 2013 var ho konstituert som statssekretær i Nærings- og handelsdepartementet.[5][6]

Maurstad har utdanning frå Høgskulen i Volda. Ho har arbeidd som lærar og som prosjektleiar, blant anna i Måløy Vekst og i Fram Flora, Flora kommune sitt selskap for næringsutvikling.[7][8] I 2013 vart ho leiar i utviklingsselskapet Innovatitt.[9] Då Vågsøy og Flora gjekk saman til Kinn kommune i 2020, fekk ho stillinga som kommunalsjef for innovasjon og utvikling.[10]

Maurstad er dotter av Jon Aasen, som har vore ordførar i Vanylven og fylkesordførar i Møre og Romsdal.[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Biografi på Stortingets nettsted; besøkt 7. februar 2022.
  2. «Einigheit i Vågsøy», Sunnmørsposten 16. september 2015.
  3. «Disse kom inn fra Vågsøy», Fjordenes Tidende 12. september 2007.
  4. «Kabalen lagt i Vågsøy», Fjordenes Tidende 15. september 2011,
  5. Informasjon fra Nærings- og handelsdepartementet; besøkt 17. april 2013.
  6. Informasjon fra Statsministerens kontor 26. april 2013.
  7. 7,0 7,1 «Den har vore der heile livet», Fjordenes Tidende 24. januar 2011.
  8. «Datteren til faren. Likheten er der. Når hun åpner munnen skjønner vi det», Sunnmørsposten 15. desember 2012.
  9. «Skal fronte måløy-miljøene», Fjordenes Tidende 13. mai 2013.
  10. «Her er dei som skal leie Kinn i det daglege», Firdaposten 6. januar 2020.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]