Jon Aasen
Utsjånad
| Jon Aasen | |||
| Fødd | 16. mars 1951 (74 år) Vanylven | ||
|---|---|---|---|
| Statsborgar av | Noreg | ||
| Parti | Arbeidarpartiet | ||
| Yrke | politikar, lærar | ||
| Barn | Kristin Maurstad | ||
| Verv | Ordførar i Vanylven 1988–2003 | ||
| Føregangar | Jon Arne Lillebø | ||
| Etterfylgjar | Jan Helgøy | ||
| Verv | Fylkesordførar i Møre og Romsdal 2003–2007 | ||
| Føregangar | Ole Øverland | ||
| Etterfylgjar | Olav Bratland | ||
| Verv | Fylkesordførar i Møre og Romsdal 2011–2019 | ||
| Føregangar | Olav Bratland | ||
| Etterfylgjar | Tove-Lise Torve | ||
| Alle verv | |||
Jon Sverre Aasen (fødd 16. mars 1951) er ein norsk politikar frå Vanylven som representerer Arbeidarpartiet. Han var fylkesordførar i Møre og Romsdal i periodane 2003-2007 og 2011-2019.[1][2][3]
Aasen er utdanna ved lærarskulen i Volda. Frå 1976 var han i tolv år lærar på Åheim skule i heimkommunen Vanylven. Han var varaordførar 1983-87 i Vanylven, deretter ordførar i seksten år, 1988-2003. Valperioden 2003-07 var han fylkesordførar i Møre og Romsdal, han kom tilbake i denne posisjonen etter fylkestingvalet hausten 2011.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Møre og Romsdal fylke Arkivert 2014-03-27 ved Wayback Machine.
- Referansar
- ↑ Aasen blir fylkesordfører - NRK/Møre og Romsdal 13.9.2011, besøkt 3.9.2016
- ↑ Jon Aasen (Ap) tilbake som fylkesordførar Arkivert 2021-06-27 ved Wayback Machine. - Sunnmørsposten 10.10.2011, besøkt 22.4.2013
- ↑ Jon Aasen (Ap) styrer fylkestinget i Møre og Romsdal Arkivert 2021-06-28 ved Wayback Machine. - NRK/Møre og Romsdal 15.9.2015