Kristoffer Skåne Grytnes
Kristoffer Skåne Grytnes | |||
Fødd | 27. juli 1887 Horten | ||
---|---|---|---|
Død | 22. juli 1965 (77 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Kristeleg Folkeparti | ||
Yrke | politikar, lærar, skuleleiar, predikant | ||
Alle verv |
|
Kristoffer Skåne Grytnes (27. juli 1887–22. juli 1965) var ein norsk skulemann og politikar, fødd i Horten.
Grytnes var son til ein vognmann i Horten. Sjølv gjekk han skulevegen, og fullførte Notodden lærarskule i 1908. Same året vart han lærar i framhaldsskulen i Grue, åra 1909-13 ved folkeskulen i heimbyen. Frå 1913 til -20 underviste han ved den kristelege folkehøgskulen Danvik i Drammen, med unnatak for vinteren 1918/19, då han studerte ved Statens lærerhøjskole i København. Etter å ha vore lærar i tre år i Eidanger, fekk han i 1923 stillinga som styrar ved Fredheim ungdomsskole (=folkehøgskule) i Brønnøy på Helgeland, der han vart verande til 1952.
Allereie i sitt fyrste år i Brønnøy vart Grytnes vald inn i menigheitsrådet, sidan var han i mange år medlem av bispedømmerådet i Hålogaland. Han var også formann i Norsk søndagsskoleforbund. Ved stortingsvalet hausten 1949 erobra han åttandemandatet i Nordland for Kristeleg Folkeparti, og vart dermed partiet sin fyrste stortingsrepresentant frå Nord-Noreg. Heile tingperioden 1950-53 var han medlem av protokollkomiteen.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Stortingsbiografi
- Norsk Allkunnebok. V. Bandet. 1954