Kristoffer Svanø

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Kristoffer Svanø
Fødd 29. april 1810
Død

25. august 1887

Yrke politikar

Kristoffer Olsson Svanø (29. april 181025. august 1887) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Kinn i Sunnfjord. Ole Svanøe var far hans.

Svanø gjekk på Jakob Sverdrup sin landbruksskule på Sem i Vestfold. Seinare overtok han den store Svanøy-garden etter far sin. Han var i mange år medlem av heradsstyret i Kinn og var ordførar 1846-47, 1849-50, 1852-53 og 1868-49.

Svanø representerte Nordre BergenhusStortinget i 1848, 1851, 1858, 1859-60, 1865-66 og 1868-69, på omframstortinget 1858 møtte han som 1. varamann i staden for Ulrich Sverdrup. Han var 1848 medlem av budsjettkomiteen, 1851 av konstitusjonskomiteen og arbeidarkomiteen, 1859-60 av kyrkjekomiteen, 1865-66 av konstitusjonskomiteen og 1868-69 av kyrkjekomite nr 1.

Han døydde på Svanøy i 1887.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914