Ole Svanøe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ole Svanøe
Fødd 28. mars 1781
Ål
Død

29. desember 1859
Svanøy

Yrke politikar, godseigar, kjøpmann, bonde

Ole Torjersson Svanøe (28. mars 178129. desember 1859) var ein norsk mangesyslar og stortingsmann frå Ål i Hallingdal. Han var far til Kristoffer Svanø.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Svanøe var son til ein gardbrukar på Stave i Ål. I 1801 trefte han Hans Nielsen Hauge og vart med Hauge på tur frå Gol til Lærdal. Frå då av var han ein av Hauges næraste vener. Deretter reiste han til heimbygda att og var gardbrukar på farsgarden til 1804. Då selde han garden i Ål og kjøpte godset Svanøy i Kinn prestegjeld i Sunnfjord. Bak kjøpet stod Hans Nielsen Hauge. På Svanøy dreiv han stort gardsbruk og fiskeri, anla sagbruk og skipsverft og dreiv nokre år med saltbrenning. År 1812 tok han borgarskap i Bergen og dreiv handel. Han budde nokre år i Sandviken ved Bergen, flytta så tilbake til Svanøy.

Heile sitt liv var Svanøe ein av dei mest verksame haugianarane. Han var mellom dei som hadde størst innverknad i rørsla, og vart i Hauge sitt testament innsett som ein av «dei eldste».

Svanøe var 3. representant frå Nordre Bergenhus amt på omframstortinget 1814. Seinare representerte han amtetStortinget 1821-28, 1836-37 og 1842. I 1821 var han medlem av fem komitear, mellom dei komiteen om gasjar og pensjonar. Både i 1821 og på omframstortinget 1822 var han medlem av budsjettkomiteen. I 1824 var han medlem av justiskomiteen og komiteen om innløysinga av riksbanksetlane. På Stortinget 1827 var han medlem i komiteen om jordbruk og fedrift, samt komiteen om brennevinslova. I 1836 var han medlem av konstitusjonskomiteen og i 1842 av desisjonskomiteen.

Tildelt borgardådsmedaljen i sølv.

Han døydde på Svanøy i 1859.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]