Krka i Kroatia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krka er òg namnet på fleire elvar i Søraust-Europa. Sjå fleirtydingsside.
Krka i Kroatia
Skradinski buk
Skradinski buk
Utspring Ved Dinara
Munning Adriatarhavet
Land i nedslagsfelt Kroatia
Lengd 73 km

Krka er ei elv i Dalmatia i Kroatia med ei lengd på om lag 73 km, vidkjend for sine mange fossefall. Ho har sitt utspring nær grensa til Bosnia-Hercegovina ved foten av fjellet Dinara. Ho renn forbi Knin i indre Dalmatia mot sør, og renn ut i Prokljanskosjøen nær Skradin. Dei mest kjende plassane ved elva er øya Visovac og Krka kloster.

Før ho munnar ut i Adriatarhavet dannar elva det vakre fossefallet Skradinski Buk, som er ein del av Krka nasjonalpark.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fossane Skradinski Buk