Krypfredlaus

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Krypfredlaus
Lysimachia nummularia1.jpg
Status
Status i verda: LC Livskraftig
Systematikk
Rike: Plantar Plantae
Underrike: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Orden: Lyngordenen Ericales
Familie: Nøkleblomfamilien Primulaceae
Underfamilie: Myrsinoideae
Slekt: Lysimachia
Art: Krypfredlaus L. nummularia
Vitskapleg namn
Lysimachia nummularia

Krypfredlaus (Lysimachia nummularia, bokmål krypfredløs) er ein art i fredlausslekta i nøkleblomfamilien. Arten sitt utbreiingsområde ligg i Europa. Planta vert kring 40 cm lang og har krypande stengel med runde snaue blad. Ho har hjarteforma begerblad som blir 8 mm lange. Krypfredlaus blomstrar kring juli månad i hagar, parkar og skog.

Planta finst i Noreg nord til Trøndelag.

Invasiv art[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om planta veka naturleg i delar av Europa, så blir arten sett på som ein invasiv art i somme plassar der ho har blitt introdusert som hageplante. Den spreier seg aggressivt når tilhøva er gunstige slik som på fuktige stader og nær vatn. Den spreier seg lett i plen. Den kan lett fjernast ved å trekke den opp for hand.

Krypfredlaus er tilgjengeleg som hageplante både i Europa og Nord-Amerika. Den kan nyttast som dekkplante, men kan spreie seg lett og konkurrere ut andre plantar. Den lagar ein fint dekke på område der ein kan avgrense utbreiinga, med sine gule blomstrar.

Planta toler kulde godt og kan overleve med temperaturar ned til -40 grader C både i det meste av Europa og i Nord-Amerika.

Kultivar[endre | endre wikiteksten]

Kultivaren 'Aurea' (golden creeping Jenny) har gule blad og er litt mindre aggressive enn arten elles.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Johannes Lid: Norsk-svensk-finsk flora. Det Norske Samlaget, 1985.
Wikispecies
Wikispecies har taksonomisk informasjon om Lysimachia nummularia