Kryptosystem

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

kryptosystem er eit sett av protokoller, prosedyrar, krypteringsalgoritmer og instruksjoner for å kode eller kryptere meldingar ved hjelp av kryptografi.

Generelt innheld eit kryptosystem ein kompleks samling kryptografiske einingar, mellom anna kryptografiske algoritmer, protokoller for slikt bruk, operasjonelle procsedyrer og eksterne elementer (dokumentasjon, materiale til opplæring av brukarar osv.), som til saman gjer det mogeleg å oppnå den tryggleiken som var meint frå designeren si side.

Motsett er opgåva med bryte ned eit kryptosystem ikkje begrensa til å bryte algoritmene som ligg under – ofte er det langt lettare å bryte ned sjølve systemet, til dømes gjennom brukaren sin manglande kjennskap til systemet. Det normale er òg at det er sjølve kryptosystemet som sviktar i praksis, ikkje algoritmene. Ein basal kunnskap hjå brukaren om alle element i systemet er som regel det som manglar når det lukkast fienden å bryte ned systemet, slik at dekryptering kan foregå.

Ein meir generell betydning av kryptosystem er som kortform for kryptografisk system, det vil seia kvart computersystem som brukar kryptografi. Dette omfattar mellom anna systemer til sikker 1E-post, inkludert metoder til bruk av digital signatur, kryptografiske hashfunksjonar, mm.

Moderne kryptosystem[endre | endre wikiteksten]

Eit moderne kryptosystem kombinerer typisk symmetrisk kryptering med asymmetrisk kryptering. I praksis er symmetrisk kryptering hurtigere enn asymmetrisk kryptering. Derfor kan denne framgangsmåten nyttast:

  • Alice vil sende informasjon (klarteksten) til Bob.
  • Alice genererer ein tilfeldig krypteringsnøkkel, som kallast sesjonsnøkkelen (eng. session key).
  • Alice krypterer klarteksten med tilfeldig krypteringsnøkkel og den symmetriske krypteringsalgoritmen.
  • Alice krypterer den tilfeldige krypteringsnøkkel med Bob sin offentlige nøkkel og den asymmetriske krypteringsalgoritmen.
  • Alice sender den krypterte klartekst (chifferteksten) og den krypterte nøkkel til Bob.
  • Bob dekrypterer den krypterte nøkkel med sin hemmelige nøkkel (Bob har no den symmetriske nøkkel, som Alice genererte tilfeldig).
  • Bob dekrypterer chifferteksten ved hjelp av Alice sin symmetriske nøkkel - (Bob har no klarteksten).

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]