Kublai Khan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kublai Khan

Kublai Khan (på transkribert mongolsk Chubilai; på transkribert kinesisk Shizu) var grunnleggjaren av det mongolske Yuan-dynastiet i Kina. Han vart fødd omkring 1215, og døydde i 1294. Han var andre son till Djengis Khan sin fjerde son, Tolui.

Kublai Khan var på 1250-talet statthaldar i det nordlege Kina for sin eldre bror Møngke, og vart etter Møngke sin død 1259 mongolane sin kaghan ("storkhan"), og herredømmet hans rekte da heilt til Russland og Persia i vest.

Kublai grunnla 1264 - 1267 ein ny residens i Jenking (noverande Beijing, på mongolsk Khanbaliq (eldre transkribering Kanbaluk), "khanens by", av Marco Polo oppfatta som Cumbuluk). Sommarhovudstaden hans, Xanadu, vart myteomspunnen for sin prakt. (Den engelske romantiske poeten Samuel Taylor Coleridge brukar Kubai Khan sitt Xanadu som utgangspunkt for eitt av dei mest kjende dikta sine, "Kubla Khan").

Det kinesiske riket vart erobra frå sør og Kublai styrta der dynastiet Song; men forsøket hans på å gjera seg til herre over Japan frå Korea (dei mongolske invasjonane av Japan), og angrepet hans på Java mislukkast. Han førte òg krig i Burma og Vietnam og underla seg Tibet. I Kina heldt han eit strålande hoff, som Marco Polo gjesta 1275-1292, og han var opptatt av såvel handel, næringar og samferdsel som lærdom. Kublai bad i byrjinga av regjeringstida si paven om å sende europeiske misjonærar, men gjekk sidan over til buddhismen.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]