Kulhuse

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Hamna i Kulhuse.

Kulhuse er eit lite tettbygd område med feriehus og 918 fastbuande heilt nord på halvøya Hornsherred i Frederikssund kommune nord på Sjælland i Danmark.

Namnet Kulhuse har sin bakgrunn i at kong Christian 4. tilsette ein mann som var trekolbrennar til å halde oppsyn med utskipinga av tømmer frå staden. Det vart bygd eit hus, Kulhus («Kolhus»), for denne oppsynsmannen, og dette vart opphavet til namnet. For å få utnytta tømmeret frå den såkalla Nordskoven («Nordskogen») nord i Horns Herred på halvøya, hadde kong Christian 4. fastsett i 1633 at det skulle byggjast ei brygge på nordspissen av Hornsherred for utskiping av tømmer, ved og trekol, og det var utskipinga av dette som kolbrennaren skulle halde auge med.

Området mellom Kulhuse og Jægerspris er i dag militært øvingsområde for Jægersprislejren.