Hopp til innhald

Arkeologisk museum i Stavanger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Arkeologisk museum i Stavanger
StadStavanger kommune
Skipa1. januar 1975
Kart
Arkeologisk museum, Universitetet i Stavanger
58°57′49″N 5°43′49″E / 58.963585°N 5.73037889°E / 58.963585; 5.73037889

Arkeologisk museum ved Universitetet i Stavanger er eit museum som ligg i Peder Klows gate 30 på Våland i Stavanger.

Museet har vore ei avdeling under Universitetet i Stavanger frå 1. januar 2009. Det var tidlegare ein frittståande institusjon med namnet Arkeologisk museum i Stavanger. Det blei oppretta 1. januar 1975, då det blei skilt ut frå Stavanger Museum.[1] Det heldt då til i dei tidlegare lokala til Frue Meieri. I 1995 flytta museet inn i nybygde lokale.

Museet tek for seg førhistorisk tid i Rogaland frå dei eldste tidene og fram til og med den fyrste bolken av historisk tid, mellomalderen, i form av større museumssamlingar av gjenstandar og ved å stå for arkeologiske utgravingar, forsking og publisering. Museet hyser over 12&nbp;000 arkeologiske funn frå Rogaland. Den faste utstillinga gjev ein introduksjon til Rogalands forhistorie ved å presentere tematisk utvalde oldsaker og andre funn, og opplysningar kan òg hentast i eit ope arkiv med informasjonen ordna etter funnstad.

Eit rekonstruert gardshus frå jarnalderen på Ullandhaug i Stavanger høyrer inn under museet. Rekonstruksjonen er basert på arkeologiske granskingar på staden.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Arkeologisk museum i Stavanger