Kunstsilo

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kornsilobygningen i 2009.

Kunstsilo er eit norsk kunst- og kultursenter som opnar 11. mai 2024 på Odderøya i Kristiansand.[1] Kunstsilo er eit framhald av Sørlandets kunstmuseum med nytt namn, ny plassering og med ei stor utviding av kunstsamlinga. Kunstsilo siktar på å bli det beste museet i Norden innan modernismen.[2]

Bygningen[endre | endre wikiteksten]

Senteret held til i ein nedlagd og verneverdig kornsilo frå 1935. Den opphavlege kornsiloen var ein av dei fyrste funksjonalistiske bygningane i Kristiansand. Han blei teikna av arkitektane Arne Korsmo og Sverre Aasland, og blei tildelt Houens fonds diplom i 1935. I 2017 vann arkitektkontora Mestres Wåge Arquitectes og MX_SI Architectural studio ein internasjonal arkitektkonkurranse om ombygging av siloen til kunstmuseum og kultursenter.[3]

I tillegg til kunstutstillingar skal senteret tilby eit tverrfagleg samarbeid med andre institusjonar om konsertar, arrangement, debattar og kursverksemd. Stiftinga Kunstsilo, tidlegare Sørlandets kunstmuseum (SKMU), er byggherre for prosjektet.[4]

Kunstsamlingar[endre | endre wikiteksten]

Samlingane i Kunstsilo består av tre kunstsamlingar: Sørlandssamlinga, som tilhøyrde Sørlandets kunstmuseum, samlingane frå Christianssands billedgalleri, og til slutt Nicolai Tangens kunstsamling, som han gav til Kristiansand kommune i 2015.[4] Tangen-samlinga omfattar over 5500 kunstverk, og dei tre samlingane tel til saman 7500 kunstverk.[2][5]

Tangens kunstsamling blir forvalta av AKO Kunststiftelse.[6]

Stiftinga Kunstsilo[endre | endre wikiteksten]

Kunstsilo er organisert som ei stifting. Administrerande direktør i stiftinga er Reidar Fuglestad, som tidlegare har vore direktør for Dyreparken i Kristiansand, og styreleiar er Stein Olav Henrichsen, som har vore direktør for Munchmuseet i Oslo.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kunstsilo - Museum for kunst og opplevelser i Kristiansand». www.kunstsilo.no. Henta 24. januar 2024. 
  2. 2,0 2,1 2,2 «Kunstsilo i Kristiansand åpner 11. mai:- Skal bli Nordens beste museum», www.aftenposten.no (på norsk bokmål), 30. november 2023, henta 5. april 2024 
  3. Jan (25. januar 2021). «Bli kjent med silobygningens historie». Kunstsilo (på norsk bokmål). Arkivert frå originalen 6. september 2023. Henta 6. september 2023. 
  4. 4,0 4,1 «Kristiansand kommune - Kunstsilo og kommunen – kort fortalt». www.kristiansand.kommune.no (på norsk). Henta 6. september 2023. 
  5. «Kristiansand kommune - Kunstsilo og kommunen – kort fortalt». www.kristiansand.kommune.no (på norsk). Henta 7. mars 2024. 
  6. Mørch, Hilde. «AKO Kunststiftelse – veien videre». kunstavisen.no (på norsk bokmål). Henta 6. september 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]