Arne Korsmo
Arne Korsmo | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 14. august 1900 Christiania |
Død |
29. august 1968 (68 år) |
Yrke | arkitekt, byarkitekt, designar |
Far | Emil Korsmo |
Ektefelle | Grete Prytz Kittelsen |
Arne Korsmo på Commons |
Arne Korsmo (fødd 14. august 1900 Kristiania, død 29. august 1968 Cuzco i Peru) var ein norsk leiande funksjonalistisk arkitekt og og formgjevar. Han underviste ved Statens håndverks- og kunstindustriskole og var professor ved Noregs Tekniske Høgskole (NTH) i Trondheim. Åleine og i samarbeid med mellom anna Sverre Aasland, Knut Knutsen og Christian Norberg-Schulz teikna han ei rekkje villaer. Han formgav ei rad produkt i lag med kunsthandverkaren Grete Prytz Kittelsen som han var gift med i åra 1945-1960.
Til saman teikna Korsmo rundt 50 villaer, fleire av dei er rekna som hovudverk i norsk funksjonalisme, mellom anna rekkjehus i Planetveien i Oslo, Villa Dammann og Villa Stenersen med fleire.
Liv og virke
[endre | endre wikiteksten]Korsmo var son av agronom og botanikar Emil Korsmo (1865–53). Han voks opp i Kristiania og tok examen artium i 1920. Han tok diplomeksamen frå arkitektlinja på Noregs tekniske høgskole (NTH) i 1926. Han hadde deretter praksis hos fleire av dei tonegjevande arkitektane i Oslo på denne tida: Kristian Biong; Arnstein Arneberg og Magnus Poulsson; i tillegg til Finn Bryn og Johan Ellefsen.
Han drog deretter på studiereise på kontinentet med støtte frå Henrichsens legat i åra 1928–1929 og henta inspirasjon og impulsar frå funksjonalismen, ei retning som han sjølv vart ein eksponent for.
Mellom 1929 og 1935 dreiv han arkitektkontor saman med arkitekt Sverre Aasland. I løpet av 20 år teikna Korsmo 50 villaer. Fleire av dei blir rekna mellom hovudverka i norsk funksjonalisme, mellom anna rekkehus i Planetveien, Villa Dammann og Villa Stenersen med fleire.
Han underviste på Statens håndverks- og kunstindustriskole (SHKS) i møbelklassen. Samstundes virka han som formgivar og brukskunstnar, ofte saman med den dåverande kona si, formgivaren Grete Prytz Kittelsen. Mange av møblane og bruksgjenstandane deira var langt føre si tid. Mellom dei viktigaste er:
- Bestikket «Korsmo» i sølvplett, som vart laga for serieproduksjon i 1954.
- Serveringsdelar, bestikk, fløytesett, kaffikanner, glas, serveringsbollar og fat som representerte eit brot med tradisjonen og var nyskapande i materialbruk, funksjonalitet og form.
- Spesialteikna møblar for bruk i bestemte rom.
Korsmo var den mest internasjonalt orienterte arkitekten i Noreg [treng kjelde], med kontaktar til arkitektar i den internasjonale eliten som bl.a. Walter Gropius, Ludwig Mies van der Rohe og Frank Lloyd Wright. I 1950 vart han bede av Sigfried Giedion om å leie ei norsk gruppe av CIAM (Congrès International d'Architecture Moderne). Korsmo tok på seg oppdraget, og gruppa fekk namnet PAGON (Progressive Arkitekters Gruppe Oslo Norge). I 1944 trefte Korsmo den 18 år yngre danske arkitekten Jørn Utzon i Stockholm. Dette møtet vart etter krigen opptakten til eit periodisk samarbeid som varte frå 1947 til 1954.
Arne Korsmo er den einaste norske arkitekten som er blitt tildelt Grand Prix ved Triennalen i Milano (1954).[treng kjelde]
Frå 1956 var han professor ved arkitektavdelinga ved Noregs Tekniske Høgskole. Her var han fram til han døydde i 1968.
Korsmo var ein inspirerande personlegdom som øvde sterk innverknad på mange studentar som seinare vart tonegjevande innan arkitektur og møbeldesign, m.a. arkitekt Sverre Fehn og interiørarkitekt MNIL Adolf Relling.
Arkitektur og design
[endre | endre wikiteksten]Eige arbeid
[endre | endre wikiteksten]Utførte arbeid:
- 1927 Villa på Høvik i Bærum på oppdrag frå kunstnaren Xan Krohn.
- 1929-30 Frøen bustadområde Lille Frøens vei 10-16, Apalveien 16-18, Oslo. 10 einebustader (med Sverre Aasland). Tildelt Sundts arkitekturpris.
- 1929-30 Eigen bustad, Lille Frøens vei 14, Oslo. Ominnreiing (rive).
- 1929 Einebustad, Heggelibakken 69, Vinderen, Oslo
- 1929-30 Butikkar, restaurant Bagatelle. Bygdøy Allé 3-7, Oslo (Med Sverre Aasland). Fasade og ominnreiing (rive).
- 1930 Bustadblokk. Pavels gate 6, Oslo (Med Sverre Aasland).
- 1930 Møblar utstilt Oslo 1931.
- 1930 Butikk for L. Benjamin, Drammensveien 6, Oslo. Ominnreiing (rive).
- 1930-32 Havna bustadområde, Havna Allé 1-6, 8-14. 13 einebustader, inklusive Villa Dammann. Tildelt Houens fonds diplom 1937 (12 av dei saman med Sverre Aasland, den siste saman med Knut Knutsen).
- 1931 Tomannsbustader, John Colletts allé 77 og 93, Ullevål.
- 1931 Einebustad, Vækerøåsen 14, Furulund.
- 1931 Loftsleilegheit, Holmboes gate 1, Oslo. Ominnreiing (rive).
- 1932 Fire einebustader, Apalveien 55-61, Oslo (med Sverre Aasland).
- 1932 Reguleringsplan, Blindern, Oslo (med Sverre Aasland).
- 1932 Reguleringsplan, Bakkehaugen, Oslo. Prisløna (med Sverre Aasland).
- 1932 Einebustad, Arnebråtveien 30b, Oslo (med Sverre Aasland).
- 1933-34 Villa Eriksen i Kristiansand (med Sverre Aasland).
- 1933-36 Kornsilo, Christansands Møller, Kristiansand. Tildelt Houens fonds diplom 1939 (med Sverre Aasland).
- 1934-35 Villa Riise, Hamar. Einebustad (med Sverre Aasland).
- 1935 Villa Hansen, Tuengen allé 6b, Oslo. Einebustad
- 1935 Balans Exakt, industridesign av butikkvekt for standardproduksjon.
- 1935 Vi Kan-utstillinga, 1. premie i arkitektkonkurranse. Utstillinga opna i 1938.
- 1935 Villa Benjamin, Slemdalsveien 33a, Oslo. Einebustad.
- 1935-36 Villa Heyerdal, Slemdalsveien 33c, Oslo. Einebustad.
- 1936 Villa Hytten, Slemdalsveien 33b, Oslo. Einebustad.
- 1936 Villa Rynning, Lønnhaugen, Oslo. Einebustad.
- 1936 Villa Manal, Bærumsveien 12, Oslo. Einebustad. Loft påbygd 1953.
- 1936 Haldenutstillinga, Halden.
- 1937 Einebustad, Hoffsjef Løvenskiolds vei 9, Oslo.
- 1937 Mossutstillinga, Moss.
- 1937 Den norske paviljong på verdsutstillinga i Paris (med Knut Knutsen og Ole Lind Schistad).
- 1937 Scenedekorasjonar for Det Nye teater, Oslo.
- 1937-39 Villa Stenersen, Tuengen Allé 10c.
- 1938 Vi Kan-utstillinga, Frognerstranda, Oslo (med Knut Knutsen og A. Nygaard).
- 1938 Den norske paviljong på Verdsutstillinga i New York. Konkurranseprosjekt.
- 1938 Rekkehus, Apalveien 46-50, Oslo.
- 1938 Einebustad Halden.
- 1938 Skole, Kristiansand. Konkurranseprosjekt.
- 1938 Gaustadhaugen bustader, Gaustadhaugen, Oslo. Konkurranseprosjekt 3. premie.
- 1939 Bustadblokk, Lilleberg, Oslo.
- 1940 Sommarhus for familien Heyerdahl, Risør.
- 1947-60 Sølvdesign for A/S Tostrup, Oslo (med Grete Prytz Korsmo). Bl.a. bestikket «Korsmo» i sølvplett (1952–54)
- 1950 Eigen heim, Løkenveien 12, Bygdøy, Oslo. Ominnreiing (rive).
- 1951 «Erector set»-metoden. Konstruksjonssystem.
- 1951 Pølsekiosk, Bislet, Oslo (riven).
- 1951 Norway Designs for Living, Chicago. Permanent utstilling (med B. Dahl).
- 1951 Leilegheit, Tostrup Terrasse 9, Oslo. Ominnreiing.
- 1952 To utstillingsleilegheiter, Statens Håndverk og Kunstindustriskole, interiør (med PAGON-gruppen).
- 1952-55 Rekkehus, inkludert Korsmos eigen bustad., Planetveien 10-14, Oslo. Tre Einebustader. (med Christian Norberg-Schulz).
- 1953 Utstilling, ARTEK, Helsingfors.
- 1953 Akershusområdet, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Christian Norberg-Schulz).
- 1954 Tingterrassen kafé, Stortingsplass, Oslo. Utandørs restaurant (riven).
- 1954 Triennalen i Milano. Den norske designutstillinga. Arne og Grete Korsmo tildelt Grand Prix.
- 1957 Triennalen i Milano. Den norske utstillingsstanden.
- 1958 Informasjonsstand i UNESCO-bygningen, Paris.
- 1958 «Arkitekturens miljøsenter», arkitektavdelinga NTH, Gløshaugen, Trondheim.
- 1958 Design i aluminium og emalje. Cathrineholm fabrikker, Halden (med Grete Prytz Korsmo).
- 1960 Villa Klein i Halden. Einebustad (med Terje Moe).
- 1961-63 Hotell Britannia i Trondheim. Ominnreiing (med Terje Moe).
- 1963 Villa Stenersen, Tuengen allé 10c, Oslo. Tilbygg til huset frå 1937-39.
Prosjekt
[endre | endre wikiteksten]- 1925 Birkelunden (park), Oslo.
- 1926 Jernbanestasjon, Oslo. Diplomarbeid NTH.
- 1927 Kunstgalleri Trondheim. Konkurranseprosjekt
- 1936 Oslo Gymnasium, Oslo. Konkurranseprosjekt.
- 1939 Backegården, Grensen, Oslo.
- 1939 Kontorbygg, Vika, Oslo.
- 1939 Einebustad, Gulleråsen, Oslo. Prosjekt for «sålingseksperten».
- 1940-41 Kyrkje, Kristiansund.
- 1946 Stolar. Museum of Modern Art, New York. Konkurranseforslag.
- 1947 Sommarhus for Van der Fehr, Larkollen.
- 1947 Rekkehus, Ulvøya.
- 1947 Kontorbygg, Måløy.
- 1947 Sentralstasjon, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
- 1948 Handelhögskolan, Göteborg, Sverige. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
- 1948 Vestre Vika, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
- 1948-52 Fjellskole, aust for Tretten. Prosjekt for mindre skole i fjellandskap.
- 1948-53 Tostrupgården, Karl Johans gate 25, Oslo.
- 1949 Samfunnshus, Falköping, Sverige. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon og F. Björk).
- 1950 Sommarhus for Alexei Zaitzow. .
- 1950 Glasdesign. Prosjekt for Riihimäki, Finland, 2. premie.
- 1951-52 Alfredheim, Nils Lauritzøns vei 39, Oslo.(med Christian Norberg-Schulz).
- 1951 Atriumhus, Nils Lauritzøns vei, Oslo.(med Christian Norberg-Schulz).
- 1952 Skøyen-Oppsal bustadområde, Oslo. Konkurranseprosjekt (med Jørn Utzon).
- 1952 Akvarium i Bergen. Konkurranseprosjekt (med Christian Norberg-Schulz).
- 1953 Statens Arkitekthøgskole, Oslo.
- 1953 Eigen heim, («Arbeidshjem»).
- 1953 Krematorium. (med Gunnar S. Gundersen).
- 1954 Hengebru. (med Jørn Utzon).
- 1954 Munchmuseet, Oslo. Konkurranseprosjekt.
- 1954-55 Oslo sentrum. (med Christian Norberg-Schulz, J. Broome og Odd Østbye).
- 1955 Villa T. Prytz, Holmen, Oslo.
- 1956 Bustader i Planetveien.
- 1960 Hus for Rolf E.Stenersen, Mallorca.
- 1966 Henie Onstad museet, Høvikodden, Oslo.
Bustader teikna av Korsmo
[endre | endre wikiteksten]Apalveien
[endre | endre wikiteksten]-
Apalveien 16
Foto: J. P. Fagerback
-
Apalveien 55
Foto: Anne-Sophie Ofrim
-
Apalveien 57
Foto: Anne-Sophie Ofrim
Havna allé
[endre | endre wikiteksten]-
Havna allé 1.
Foto: Haros
-
Havna allé 3.
Foto: Haros
-
Havna allé 9.
Foto: Haros
-
Havna allé 11.
Foto: Haros
-
Havna allé 12.
Foto: Haros
-
Havna allé 13.
Foto: Haros
-
Havna allé 14.
Foto: Haros
Lille Frøens vei
[endre | endre wikiteksten]-
Lille Frøens vei 14.
Foto: Haros
-
Lille Frøens vei 16.
Foto: Haros
-
Lille Frøens vei 16.
Foto: Haros
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Christian Norberg-Schulz, The Functionalist Arne Korsmo. Universitetsforlaget 1986.
- Brænne, Jon, Bøe, Eirik T., Skjerven, Astrid, Arne Korsmo: arkitektur og design, Universitetsforlaget 2004 ISBN 82-15-00209-9
- Arne Gunnarsjaa: Arkitekturleksikon, Abstrakt forlag 1999, ISBN: 82-7935-007-1, side 879 om arkitektfirmaet Aasland og Korsmo
- Arne Korsmo frå Norsk biografisk leksikon
- Denne artikkelen bygger på «Arne Korsmo» frå Wikipedia på bokmål, den 31. oktober 2012.