Funksjonalisme i arkitektur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vinkelgården (1934) på Majorstua i Oslo.
Foto: Kjetil Lenes
Det tidlegare stormagasinet Sundt i Bergen, no eit butikksenter, er ein freda funksjonalistisk bygning frå 1938. Arkitekt var Per Grieg.
Foto: Frode Inge Helland

Funksjonalisme, populært kalla funkis, er ei retning innan kunst, arkitektur og industridesign som vart populær på 1920-talet. I Noreg slo funksjonalismen gjennom på 1930-talet. Stilen vert prega av eit forenkla formspråk. Typisk er store flater, rette liner og geometriske former. Ein sentral tanke var at funksjon skulle vera viktigare enn form. Innan byggjeteknikk var det utvikla måtar å byggja større samanhengjande betongflater på. Viktige arkitektar innan stilarten i Noreg var Herman Munthe-Kaas og Ove Bang.

Funksjonalistisk "RIKS" telefonkiosk på Vålerenga i Oslo.
Foto: Kjetil Lenes

Arkitekt Georg Fasting teikna i 1932 telefonkiosken RIKS. Modellen er eit fint døme på funksjonalisme i arkitektur. Kringom i Noreg vart det plassert om lag 9000 slike telefonkioskar, som var viktige i ei tid då den hendige vesle trådlause mobiltelefonen enno ikkje var oppfunne.

Funksjonalismen sine grunnleggjarar internasjonalt er rekna å vera Le Corbusier og Walter Gropius. I Sverige var Gunnar Asplund ein viktig arkitekt innan funksjonalismen.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]