Kuomintang

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Naval Jack of the Republic of China.svg

Guomindang eller Kuomintang (Nasjonalistpartiet, på kinesisk språk 中國國民黨, pinyin Zhōnggúo Gúomíndăng, KMT) er eit politisk parti i Republikken Kina som var verksamt på det kinesiske fastlandet fram til 1949.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Partinamnet betyr noko slikt som «Det nasjonale folkepartiet», og partiet blei skipa i 1911 under revolusjonen mot keisardømmet det året. Xinhairevolusjonen styrta Qing-dynastiet i Kina. Formelt vart partiet skipa den 25. august 1912 i Guangdong provinsen av Sung Chiao-jen og Sun Yat-sen.

Leiaren var Sun Yat-sen, som ønskte sjølvstende, demokrati og modernisering for Kina. Etter å ha samarbeidd med dei kinesiske kommunistane og med Sovjetunionen mot korrupte regionale krigsherrar, vende den nye Guomindang-leiaren Jiang Jieshi seg plutseleg mot kommunistane og massakrerte dei i 1927. Jiang Jieshi er òg kjend som general Chiang Kai-shek.

Dette var starten på ein langvarig borgarkrig mellom Guomindang og kommunistane, som reorganiserte seg på landsbygda i innlandet. Innimellom kriga begge partar også mot krigsherrar og japanske styrkar, som angreip Kina i 1931 og på ny og i større omfang i 1937. Guomindang fekk militært utstyr frå USA, og kommunistane frå Sovjetunionen.

I 1949 slutta borgarkrigen med kommunistisk siger, og restane av Guomindang-regimet, som framleis kalla seg "Republikken Kina" reiste til øya Taiwan og installerte seg der. Guomintang var det einaste partiet i Republikken Kina (Taiwan) fram til 1991, og var i mange år synonymt med republikken.

Partiet i dag[endre | endre wikiteksten]

Guomindang er ikkje lenger einerådande på Taiwan, mange taiwanarar vil heller ha sjølvstende utan krav på å representere fastlandet. Saman med Folket sitt fyrste parti utgjer det ein koalisjon kjend som den pan-blå koalisjonen. Dei ynskjer sameining av Kina, i motsetnad til den pan-grøne koalisjonen, som ynskjer taiwansk sjølvstende.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]