Chiang Kai-shek

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Chinag Kai-shek i 1945

Chiang Kai-shek (tradisjonell kinesisk: 蔣中正 / 蔣介石; forenkla kinesisk: 蒋中正 / 蒋介石; pinyin: Jiǎng Jièshí) (31. oktober 18875. april 1975) var ein kinesisk offiser og politikar. Han vart leiar for Kuomintang, det kinesiske nasjonalistpartiet, etter Sun Yat-sens død i 1925. Frå 1928 til han døydde i 1975 var han statssjef i Republikken Kina, med tittelen president frå 13. september 1943.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Chiang Kai-shek var frå byen Xikou i Fenghua i provinsen Zhejiang. Både faren og mora kom frå overklassa, frå salthandlarar. Faren døydde då sonen var berre tre år gammal, sidan tala sonen om mora som «lekamleggjeringa av konfucianske verdiar».

Chiang vart utdanna ved militærakademiet i Baoding og det militære statsakademiet i Japan. Han gjorde teneste i den japanske hæren frå 1909 til 1911.

Tida 1915-23 livnærte Chiang seg gjennom sine kontaktar med ein gangsterbande, Qingbang-syndikatet, i Shanghai. I 1923 flytta han til Kuomintang sin base i Kanton, der han snart vart ein av dei leiande i rørsla. Han leia den Kuomintang-hæren som la ut mot nord for å tvinge krigsherrane det under Kuomintang. Midt på 1920-talet var han ein av Kinas mektigaste politikarar. Etter Sun Yat-sen døydde i 1925 var han partiet sin sterke mann.

Chiang leia dei kinesiske styrkane under den andre kinesisk-japanske krig. I denne perioden vart han svekka innanriks, medan han fekk auka status internasjonalt. Under den kinesiske borgarkrigen frå 1927 til 1949 kjempa han for å knuse kommunistane og kommuniststyrkane som vart leia av Mao Zedong. Chiang makta fleire stader å trenge kommunistane tilbake, men lukkast ikkje i område kontrollert av Mao. Nasjonalistane under Chiang gav opp å kjempe mot dei japanske okkupantane i Nord-Kina, og konsentrerte seg om kampen mot kommunistane. Kommunistane leid nederlag i provinsen Jiangxi, men greidde å forflytte seg til dei nordlege delane av provinsen Shaanxi gjennom Den lange marsjen.

12. desember 1936 vart Chiang bortført av ein av sine eigne underordna, den tidlegare krigsherren, general Zhang Xueliang. Zhang ynskte ei tilnærming til Sovjetunionen. Medan Chiang Kai-shek var fange hos «sine eigne», forhandla leiarane på begge sider av borgarkrigen og la grunnlaget for ein anti-japansk einskapsfront. Kommunistane sin sendemann til Kuomintang var Zhou Enlai. Sovjetleiarane fordømde den 14. desember bortføringa av Chiang gjennom oppslag i Pravda og Isvestija. To dagar seinare gjekk Kuomintang til angrep mot Zhang. Zhang gav seg og vart sett i husarrest av Chiang. Sovjetunionen sa seg på vilkår villig til å late Chiang sin son, Chiang Ching-kuo, som var i Sovjetunionen, reise heim til Kina. Chiang godtok ein koalisjon med det kinesiske kommunistpartiet som i fellesskap skulle kjempe mot japanarane sine framstøytar i Kina.

Eitt år etter braut den andre kinesisk-japanske krigen ut. Under krigen kom det fleire gonger til kamp mellom dei nasjonalistiske og kommunistiske kinesiske styrkane. Formelt heldt koalisjonen krigen mot Japan vart avslutta i 1945. Kort etter braut borgarkrigen ut att, og enda i 1949 med sigrar til kommunistane.

Chiang rømde då med regjeringa og restane av den republikanske hæren til øya Taiwan. Samstundes flykta omkring to millionar menneske frå det kinesiske fastlandet. Chiang gjorde sidan all sin dag krav på vere den legitime leiaren av Kina, og hadde lenge omfattande internasjonal stønad for dette kravet.

Under Chiang Kai Chek var Taiwan ein korporativ eittpartistat under Kuomintang. Dette ettpartisystemet varte heilt til tidleg i 1990-åra. Under dette styret vart Taiwan utvikla til ein moderne stat med ein velutvikla økonomi og omfattande handel med omverda.

På 1960-talet vart Taiwan-Kina si internasjonale stilling svekka, særleg etter brotet mellom Fastlands-Kina og Sovjetunionen, og prøvesprenginga av Kinas første atombombe. Ved inngangen til 1970-åra la både Japan og USA vinn på å forbetre sine relasjonar med Folkerepublikken Kina. Folkerepublikken vart erkjent som det legitime Kina, og overtok Taiwan sin plass i FN. I 1973 var regjeringa i Taipei anerkjent av einast 39 statar.

Chiang Kai-shek døydde i 1975.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Brian Crozier: The Man Who Lost China, 1976, ISBN 0-684-14686-X
  • John King Fairbank og Denis Twitchett (red.): The Cambridge History of China: Volume 12, Republican China, 1912-1949, Part 1, 1983 1120 sider
  • Jonathan Fenby: Generalissimo Chiang Kai-Shek and the China he lost: The Free Press, 2003, ISBN 0-7432-3144-9
  • Laura Tyson Li: Madame Chiang Kai-shek: China's Eternal First Lady, 2006
  • Ernest R. May: «1947-48: When Marshall Kept the U.S. out of War in China», i Journal of Military History 2002 66(4): 1001-1010. Issn: 0899-3718 Fulltekst: i Swetswise og Jstor
  • Charles F. Romanus og Riley Sunderland: Time Runs Out in CBI (Washington, 1959), official U.S. Army history online edition
  • Keith Sainsbury: The Turning Point: Roosevelt, Stalin, Churchill, and Chiang-Kai-Shek, 1943. The Moscow, Cairo, and Teheran Conferences, Oxford U. Press, 1985.
  • Stirling Seagrave: The Soong Dynasty, Corgi Books, 1966, ISBN 0-552-14108-9
  • William Stueck: The Wedemeyer Mission: American Politics and Foreign Policy during the Cold War. University of Georgia Press, 1984. 177 s.
  • Tang Tsou: America's Failure in China, 1941-50, 1963
  • Barbara W. Tuchman: Stillwell and the American Experience in China, 1911-45, 1971