Kurfyrstedømet Mainz

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Kurfürstentum Mainz
Kurfyrstedømet Mainz
Statar i Det tysk-romerske riket
Franconia
7801803
Flagg Våpen
Flagg Våpen
Hovudstad Mainz
Styreform Fyrstedøme
Historisk periode Mellomalderen
 - Bispedømet oppretta Romartida
 - Utvida område,
   opphøgd til
   erkebispedøme


780–782
 - Utvida område 983
 - Erkekanslar 1251
 - Mainz gjort til fristad 1242–1462
 - Republikken Mainz 18. mars – 23. juli 1793
 - Tysk mediatisering 1803
Føregjengar
Etterfølgjarar
Franconia Hertugdømet Franken
Mont-Tonnerre Flag of France.svg
Fyrstedømet Aschaffenburg Blank.png
Storhertugdømet Hesse Flagge Großherzogtum Hessen ohne Wappen.svg
Hertugdømet Nassau Flagge Herzogtum Nassau (1806-1866).svg
Kongedømet Preussen Flag of the Kingdom of Prussia (1803-1892).svg

Erkebispedøme Mainz (tysk Erzbistum Mainz) eller Kurfyrstedømet Mainz (tysk Kurfürstentum Mainz eller Kurmainz) var eit viktig kyrkjeleg og sidan verdsleg kurfyrstedøme i Det tysk-romerske riket mellom 780–782 og 1802. I hierarkiet til den romersk-katolske kyrkja var erkebiskopen av Mainz primas Germaniae, representanten til paven nord for Alpane. Utanom Roma er Stolen i Mainz den einaste andre stolen som vert omtalt som «Den heilage stolen», sjølv om dette namnet er sjeldan nytta om Mainz.

Erkebispedømet var eit viktig kyrkjeleg fyrstedøme i Det tysk-romerske riket. Det bestod av fleire ikkje-samanhengande landområde med område nær Mainz på begge sider av Rhinen, område langs elva Main oppfor Frankfurt (med distriktet Aschaffenburg); Eichsfeld-regionen i Niedersachsen og Thüringen; og områda kring Erfurt i Thüringen. Erkebiskopen var òg tradisjonelt kurfyrste og erkekanslar i Tyskland, og leiar av valkollegiet frå 1251 til 1803.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Bispestolen vart oppretta i romartida, i byen Mainz, som hadde vore ein romersk provinshovudstad kalla Moguntiacum. Bispedømet vart først viktig då det fekk status som erkebispedøme i 780-782. Dei første biskopane før 300-talet har legendariske namn, og starta med Crescens. Den første stadfesta biskopen av Mainz var Martinus i 343. Mainz vart først viktig då St. Boniface vart biskop i 747. Boniface var tidlegare ein erkebiskop, men denne tittelen gjekk ikkje til bispestolen før etterkomarane hans, Lullus.[1]

I 1802 mista Mainz status som erkebispedøme. I sekulariseringa som følgde Reichsdeputationshauptschluss i 1803, vart setet til kurfyrsten Karl Theodor von Dalberg flytta til Regensburg, og kurfyrstedømet mista områda sine i vest til Frankrike, medan dei austlege områda langs Main nedanfor Frankfurt gjekk til Hessen-Darmstadt og Nassau, og Eichsfeld og Erfurt gjekk til Kongedømet Preussen. Dalberg fekk halde Aschaffenburg-området som Fyrstedømet Aschaffenburg. I 1810 slo Dalberg Aschaffenburg, Frankfurt, Wetzlar, Hanau og Fulda saman og danna det nye Storhertugdømet Frankfurt. Dalberg gjekk av i 1813 og i 1815 delte Wienerkongressen områda hans mellom Kongedømet Bayern, Kurfyrstedømet Hessen-Kassel, Storhertugdømet Hessen og fristaden Frankfurt.

Det moderne bispedømet Mainz vart grunnlagd i 1802, innanfor områda til Frankrike og i 1814 vart området utvida inn i Hessen-Darmstadt.

Biskopar og erkebiskopar[endre | endre wikiteksten]

Biskopar av Moguntiacum, 80–745[endre | endre wikiteksten]

  • Crescens ca. 80–103
  • Marinus ca. 103–109
  • St. Crescentius ca. 109–127
  • Cyriacus ca. 127–141
  • Hilarius ca. 141–161
  • Martin I ca. 161–175
  • Celsus ca. 175–197
  • Lucius ca. 197–207
  • Gotthard ca. 207–222
  • Sophron ca. 222–230
  • Heriger I ca. 230–234
  • Ruther ca. 234–254
  • Avitus ca. 254–276
  • Ignatius ca. 276–289
  • Dionysius ca. 289–309
  • Ruprecht I ca. 309–321
  • Adalhard ca. 320s
  • Lucius Annaeus ca. 330s
  • Martin II ca. 330s – ca. 360s
  • Sidonius I ca. late 360s – ca. 386
  • Sigismund ca. 386 – ca. 392
  • Theonistus eller Thaumastus[2]
  • Lupold ca. 392 – ca. 409
  • Nicetas ca. 409 – ca. 417
  • Marianus ca. 417 – ca. 427
  • Aureus ca. 427 – ca. 443
  • Eutropius ca. 443 – ca. 467
  • Adalbald
  • Nather
  • Adalbert (I)
  • Lantfried
  • Sidonius II  ? – ca. 589
  • Siegbert I ca. 589–610
  • Ludegast ca. 610–615
  • Rudwald ca. 615
  • Lubald ? fl. ca. 625
  • Siegbert II
  • Gerold  ?–743
  • Gewilip ca. 743 – ca. 745

Erkebiskopar av Mainz, 745–1251[endre | endre wikiteksten]

Kurfyrstar av Mainz, 1251–1803[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sante, Georg Wilhelm (1937). «Bonifatius und die Begründung des Mainzer Bistums». Historisches Jahrbuch 57: 157–97. 
  2. "Theomastus (or Thaumastus) was bishop of Mainz in the early fifth century."(Gregory of Tours, Glory of the Confessors: Glory of the Confessors. Translated by Raymond Van Dam (Liverpool University Press, 1988), 40n). This figure is mentioned by Gregory of Tours: “Theomastus was noted for his holiness in accordance with the meaning of his name, and he is said to have been bishop of Mainz. For some unknown reason, he was expelled from Mainz and went to Poitiers. There he ended his present life by remaining in a pure confession.”(Gregory of Tours, Glory of the Confessors: Glory of the Confessors. Translated by Raymond Van Dam (Liverpool University Press, 1988), 39).