Den første franske republikken

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
République française
Den første franske republikken
Flag of France (1790–1794).svg
1792–1804 Flag of France.svg

Flagget til Frankrike

Flagg

Motto
Liberté, Égalité, Fraternité
Frihet, likhet, brorskap
Plasseringa til Frankrike
Frankrike i 1801
Hovudstad Paris
Språk Fransk offisielt, andre lokale språk.
Styreform Republikk
Lovgjevande forsamling Forsamlinga
 - Overhus
Historisk periode Den franske revolusjonen
 - 14. juli 1789 Stormen på Bastillen
Den franske revolusjonen
 - Ludvig XVI avsett 21. september 1792
 - Skrekkveldet og Velferdskomiteen. 5. september 1793-28. juli 1794
 - Slaveriet avskaffa 4. februar 1794
 - Thermidor-reaksjonen 24. juli 1794
 - 18 brumaire-kuppet 9. november 1799
 - Napoléon Bonaparte krona keisar av senatet 18. mai 1804
Valuta Livres, franc, assignat

Den første franske republikken i fransk historie vart oppretta den 22. september 1792 under den franske revolusjonen. Republikken varte fram til erklæringa av det første franske keisardømet i 1804 under Napoléon Bonaparte. Denne perioden var prega av fallet til monarkiet, etableringa av nasjonalkonventet og deretter skrekkveldet, skipinga av direktoriet og Thermidor-reaksjonen, og til sist skipinga av konsulatet og den auka makta til Napoléon.

Den franske republikken var eit resultat av den franske revolusjonen og avskaffinga av det franske monarkiet og eineveldet. Republikken innleidde ein ny epoke av republikanske styresett i Europa. Den første leiaren av republikken var Maximilien Robespierre som etter kvart innførte eit totalitært regime, seinare karakterisert som skrekkveldet, før han vart styrta og halshoggen allereie i 1794.

Republikken varte offisielt til etableringa av det første franske keisardømet i 1804. Blant leiarane i republikken var Napoléon Bonaparte, som tente som førstekonsul frå 1799 og fram til 1804, då han gjorde slutt på republikken ved å erklæra seg som keisar Napoleon I.

Slutten på monarkiet i Frankrike[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå dei franske revolusjonskrigane.
Prise du palais des Tuileries le 10 août 1792, 'Storminga av Tuileries-palasset den 10. august 1792'. Måleri av Jean Duplessis-Bertaux, 1793.

Under regjerigstida til den lovgjevande nasjonalforsamlinga i Frankrike, som var tida mellom sjølve revolusjonen og kunngjeringa av den første republikken, var Frankrike i krig med Preussen og Austerrike. I juli 1792 utskreiv hertugen av Braunschweig, kommandanten av den austerrikske-prøyssiske hæren, Braunschweig-manifestet sitt der han truga med å leggja Paris i grus om nokon skade vart påført kong Ludvig XVI.[1] Trusselen frå utlandet forverra den politiske uroa midt i den franske revolusjone. Den 10. august 1792 storma borgarane Tuileries-palasset, drap rundt seks hundre av kongen sin sveitsergarde, og insisterte på å fjerna kongen.[2] Ei fornya frykt for motaksjon frå dei antirevolusjonære førte til ytterlegare vald, og i løpet av den første veka av september 1792 braut flokkar av parisarar inn i fengsla i byen og drap over halvparten av fangane. Dette ramma adelsfolk, prestar og andre politiske fangar, men òg tallause vanlege kriminelle, slike som prostituerte og småtjuvar. Mange vart drepne medan dei sat i fangecellene sine; valdteke, stukke og slått i hjel. Detta vart kjent som septembermassakrane.[3]

Nasjonalkonventet[endre | endre wikiteksten]

Som eit resultat av den offentlege valden, den politiske uroa og den manglande stabiliteten til monarkiet, vart ei gruppe av seks medlemmar frå den franske nasjonalforsamlinga gjeven i oppgåve å overvaka vala. Det resulterande nasjonalkonventet vart grunnlagt med den doble oppgåva å avvikla monarkiet og laga utkastet til ein ny konstitusjon. Den første handlinga til nasjonalkonventet var å etablera den første republikken i Frankrike, og offisielt fjerna all politisk makt frå kongen. Ludvig XVI, no ein privat borgar som nytta familienamnet Capet, vart deretter stilt for retten, skulda for høgforræderi, ein prosess som byrja i desember 1792. Den 16. januar 1793 vart han funnen skuldig, og den 21. januar vart den avsette kongen avretta med giljotin.[4]

Gjennom vinteren 1792 og våren 1793 var Paris plaga av svolt og opptøyar knytt til matmangelen. Det nye nasjonalkonventet gjorde lite for å avhjelpa problemet før seint på våren 1793, og var i staden oppteke av krigføring. Til sist, den 6. april 1793, oppretta konventet Comité de salut public, 'Komiteen for den offentlege velferda og det almane forsvaret' eller rett og slett 'Velferdskomiteen'. Denne vart etterkvart leidd av Maximilien de Robespierre, og hadde i oppgåve: «Å ta seg av dei radikale rørslene til dei rasande, Les Enragés, matmangelen, opprøret i Vendée og i Bretagne, nylege nederlag i hæren, og deserteringa til den kommanderande generalen for hæren.»[5] Eit resultat av arbeidet til denne komiteen var det som vart karakterisert som eit terrorregime, og der giljotinen byrja å falla på verkelege og påståtte fiendar av republikken i stadig aukande grad.

Til trass for den aukande misnøya med nasjonalkonventet som styresmakt, la konventet i juni fram forslaget til Konstitusjonen av 1793,[6] òg kalla for Konstitusjonen av år I, ettersom ein ville ha innføra ei ny tidsrekning frå dette året. [7] Dette forslaget vart ratifisert ved folkerøysting tidleg i august. Likevel vart Komiteen for den offentlege velferda og det allmenne forsvaret vurdert som ei styresmakt i «naudsituasjon», og rettane garanterte av Fråsegna om mennesket og borgarane sine rettar av 1789 og den nye konstitusjonen vart utsette under herredømet hans. Komiteen stod for tusenvis av avrettingar mot antekne fiendar av den unge republikken, til det punktet der giljotinen vart kalla for «den nasjonale barberkniven»,[8] sidan han verka ramma alle.[9] Lovane og politikke til komiteen og politikk førte revolusjonen til uhøyrde høgder. Han introduserte den revolusjonære republikanske kalenderen (calendrier républicain français) i 1793,[10] stengde kyrkjer i og rundt Paris som ein del av avkristninga, tiltalte og avretta den avsette dronninga Marie Antoinette, og instituerte Loi des suspects, 'Loven om mistenkte', som markerte ei betydeleg svekking av fridomen til folk som bidrog til det «revolusjonære hysteriet» som rasa over den franske nasjonen.[11] Medlemmar av ulike revolusjonære fraksjonar og grupper vart òg avretta, inkludert hébertistane (tilhengarane av Jacques René Hébert) og dantonistene (tilhengarane av Georges Danton).

Direktoriet[endre | endre wikiteksten]

Napoléon Bonaparte grip makta ved statskupp. Måleri av François Bouchot frå 1840.

Etter at Robespierre sjølv vart arrestert og avretta i juli 1794, vart Jakobinarklubben stengt og dei overlevde girondane (den moderate, republikanske fraksjonen) vart gjeninnsett. Eit år seinare innførte nasjonalkonventet Konstitusjonen av 1795. Dei gjeninnførte religionsfridom, byrja å sleppe fri store mengder innsette i fengsla, og viktigast av alt, dei innførte val for ei ny lovgjevande forsamling. Den 3. november 1795 vart direktoriet etablert. Under dette systemet vart Frankrike leidd av eit parlament med to kammer, eit øvre kammer kalla Conseil des Anciens, 'Rådet av dei eldre' (med 250 medlemmar) og eit lågare kammer kalla Conseil des Cinq-Cents, 'Rådet av dei fem hundre' (som hadde 500 medlemmar), og eit kollektiv av leiarar kalla for sjølve Direktoriet, og som har gjeve namn til epoken. På grunn av indre uro og ustabilitet, påført av hyperinflasjon av papirpengar kalla for assignats, og dei franske militære katastrofane i 1798 og 1799, varte direktoriet berre i fire år, og vart velta i 1799.[12] [13]

Konsulatet[endre | endre wikiteksten]

Den neste perioden, som vart kjent som det franske konsulatet, byrja med 18 brumaire-kuppet, eit statskupp som fann stad den 9. november 1799. Det var førebudd av Emmanuel-Joseph Sieyès og leia av Napoléon Bonaparte. Det vart oppretta ei ny styreform for Frankrike, konsulatet. Leiarane av direktoriet hadde sjølv planlagt statskuppet, noko som klart indikerte den svekka makta til dette styret. I løpet av ein dryg månad hadde Bonaparte utmanøvrert dei andre to i leiartrioen, og lét deretter seg sjølv utnemna til førstekonsul. Han kom seinare til å utropa seg sjølv til keisar, og effektivt avslutta den første franske republikken og byrje tidsalderen til det første franske keisarriket.[14]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. The Proclamation of the Duke of Brunswick, 1792, på fransk: Manifeste de Brunswick
  2. Censer, Jack R. & Hunt, Lynn (2004): Liberty, Equality, Fraternity: Exploring the French Revolution. University Park, Pennsylvania: Pennsylvania State University Press.
  3. Doyle, William (1989): The Oxford History of The French Revolution. Oxford: Oxford University Press, s 191–192.
  4. Doyle, William (1989): The Oxford History of the French Revolution. Oxford: Oxford University Press, s. 196.
  5. Žuromskaitė, Miglė: «France in Global Context», Academia.edu
  6. Constitution of 1793, på fransk Constitution du 24 juin 1793
  7. Crowe, Michael Bertram (1977): The Changing Profile of the Natural Law, s. 243
  8. Andrews, Evan (15. september 2014): «8 Things You May Not Know About the Guillotine», History.com
  9. Censer, Jack R. & Hunt, Lynn, red. (2001): Liberty, Equality, and Fraternity: Exploring the French Revolution, American Social History Productions, Inc.; Timeline
  10. Ozouf, Mona (1989): 'Revolutionary Calendar' i: Furet, François & Ozouf, Mona, red.: Critical Dictionary of the French Revolution, Belknap Press, ISBN 9780674177284
  11. Tulard, Jean; Fayard, Jean-François & Fierro, Alfred (1997): Histoire et Dictionnaire de la Révolution française, Bouquins-Robert Laffont, ISBN 978-2-221-04588-6
  12. Sandrock, J.E.: «Bank notes of the French Revolution» and First Republic (PDF), Thecurrencycollector.com
  13. Lefebvre, Georges; Soboul, Albert (1962): The Directory.
  14. Rapport, Michael (Januar 1998): «Napoleon's rise to power». History Today.