Kurganets-25

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kurganets som stormpanservogn med 30mm maskinkanon
Kuganets som pansra personellkøyretøy med 12,7mm Kord maskingevær

Kurganets-25 (Russisk: Курганец-25 - Курганец-25) er ein 25-tonns modulær plattform på belte, utvikla for den russiske Hæren. Kurganets-25 skal utvikle seg i ulike modeller, og vil gradvis erstatta BMP og BMD og MT-LB samt andre typer pansra plattformer på belte.[1]Kurganets-25 vil ha modulær rustning som kan oppgraderast for spesifikke truslar og andre tilhøve.

Kurganets-25 stormpanservogn og variantar av denne vart først sett offentleg med tårn og bestykking dekt til for Sigersdagsparaden i Moskva 2015. Ein viss serieproduksjon starta i 2016.[2]

Design[endre | endre wikiteksten]

Kurganets-25 er designa for å bringa dei russiske beltekøyretøya opp til vestleg standard så som til dømes den Amerikanske M2 Bradley og Britiske Warrior. Desse utklassa den sovjetiske BMP-serien under den kalde krigen, samstundes som Kurganets er lettare enn den T-15 "tunge stormpanservogna" basert på Armata-plattforma. Det er to versjonar av køyretøyet: ei tungt væpna Stormpanservogn som rømmer 6-7 soldatar, og ein lett væpna PPK som rømmer åtte soldatar. Andre variantar som er føreslege for Kurganets inkluderer ein pansra ambulanse, ein 82 mm Vasilek bombekastarvogn, PV-køyretøy, pansra bergevogn, eit rekognoseringskøyretøy, eit kommandokøyretøy, og ein pansra ingeniørvogn. Køyretøyet representerer eit avvik frå det tradisjonelle russiske lågprofildesignet, har ein høgare profil som er meir eigna for kanonskyting snarare enn troppetransportør, noko som òg gjev betre vern mot IED og landminer.[3]Medan T-15 er planlagt utgruppert saman med T-14 stridsvogner, er Kurganets esla til mekaniserte einingar.[4]


Bestykking[endre | endre wikiteksten]

Kurganets-25 som stormpanservogn har fjernkontrollert tårn av typen Bumerang-BM med 2A42 30 mm maskinkanon, eit 7.62 mm koaksialt PKT maskingevær og to Kornet-EM Panservernmissil på kvar side. Kurganets-25 som PPK har eit 12,7 mm maskingevær i staden for Bumerang-BM tårn.[5]

Ein versjon SPAAG med ein 57 mm kanon og ein Kurganets-25 SPG med ein 125 mm er planlagd.[6]

Mobilitet[endre | endre wikiteksten]

Kurganets-25 veg 25 tonn. Dette gjer at Kurganets-25 er lett nok til å vera flytande på vatn. Den maksimale farten til køyretøyet er 80 km/t på land og 10 km/t i vatn. Både stormpanservogn- og pansra personellkøyretøy-variantane har eit frontmontert motor på 800 kw.

Vern[endre | endre wikiteksten]

Kurganets-25 stormpanservogn har 360-graders dekning frå sin active vernesystem med utskytingsrør. Dettesystemet er mindre enn det ein finn på T-14 Armata og T-15, men slik som på T-15, er det festa nær toppen av skroget. Eit to-delt prosjektildetekteringssystem er plassert på ulike stadar i skroget og i tårnet.

Ergonomi og Mannskap[endre | endre wikiteksten]

Kurganets-25 brukar ein konsoll som liknar på ein Sony PlayStation gamepad.[7] Det er breiare enn tidlegare generasjonar av russiske pansra køyretøy og stormpanservogner. Òg det at motoren er plassert i front aukar mannskapskomforten og tilgjenge.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

  • IFV (Industriell nemning — Objekt 693);[8]
  • APC (Industriell nemning — Objekt 695).

Operatørar[endre | endre wikiteksten]

  • Russland

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • Bumerang-BM
  • Bumerang
  • T-15 Armata
  • Tyfon (AFV familie)

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Tamir Eshel. «Russia Plans to Field the T-99, a Radically New Main Battle Tank by 2015». Henta 10 May 2015. 
  2. «БМП "Курганец-25" - Телеканал "Звезда"». tvzvezda.ru. Henta 11. februar 2016. 
  3. Russia Hopes Its New Super Combat Vehicle Will Rule the Battlefield - Nationalinterest.org, 30 July 2016
  4. Kurganets-25 – a new family of medium troop carriers from Russia - Defense-Update.com, 24 April 2015
  5. http://www.janes.com/article/51469/russia-s-armour-revolution
  6. http://tass.ru/armiya-i-opk/2026563
  7. http://sputniknews.com/science/20150508/1021883796.html
  8. http://www.military-informant.com/news/8525-na-poligone-v-alabino-poyavilis-novye-bmp-kurganets-25.html