MT-LB

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
MT-LB brukt av amerikansk marineinfanteri på øving
Eit svensk MT-LB

MT-LB (Многоцелевой Тягач Лёгкий Бронированный: Многоцелевой Тягач Лёгкий Бронированный) er eit sovjetisk pansra personellkøyretøy med beltedrift. Det vart utvikla seint på 1960-talet, og brukt i fleire roller, mellom anna for å trekkja artilleri.[1].


Kjernedata:


| vekt                = 10,35 tonn
| lengde               = 6,45 m
| breidde               = 2,85 m
| hægd                = 1,87 m
| besetning          = 2
| passasjerar         = 11
| pansartjukkleik              = 3-14 mm
| primærvæpning    = 7,62mm PK maskingevær 2500 skot
| motor               = JaMZ-238W V-8 diesel
| motoreffekt         = 177 kW (240 hk)
| rekkjevidde på full tank     = 500 km
| hastigheit           = 61 km/h (veg) 30 km/h (terreng) 6 km/t (vatn)

MT-LBVMK

Konstruksjon[endre | endre wikiteksten]

MT-LB er amfibisk, men til forskjel frå PT-76 sitt vannjetsystem, brukar MT-LB drivbeltene. Disse ligg rundt 6 løpehjul som også fungerar som returhjul, med drivhjulet framme og spennhjulet bak. Den effektive fjøyringa gir ein mjuk gange, og med dei breidaste beltene er kjøyring god i blautmyr og djup snø. Førarplassen er framme på venstre side, medan vognkommandøren sin plass er på høgre side under tårnet. Motoren er montert litt på sida for å skape en trong forbindelsegong til transportromet bak.  Denne skal tena som rømningsvei dersom dei fremste lukane ikkje kan brukast. Normal lastekapacitet er 2 tonn, og vogna kan slepe opptil 6 tonn.

Besetning[endre | endre wikiteksten]

Besetninga består av fører og vognkommandør. I tillegg er det plass til 11 fullt utstusta infanterister i bakrommet.

Væpning[endre | endre wikiteksten]

Væpninga består normalt av eit 7,62mm maskingevær eller ein tung 12,7mm NSVT montert i eit lite tårn - denne vert handtert av vognkommandøren.   Den lave profilen gjer at fleire land anser den som lempelig som plattform til luftvern- og panserbekjempingmissiler samt granat- og bombekastere.    

MT-LB (objekt 6) er basisvogna, men den finst i fleire ulike variantar:

Sovjetiske og russiske[endre | endre wikiteksten]

MT-LB-T – Brukt for å trekkja artilleri og frakta granatar

MT-LBV – Forbetra mobilitet og breidare belte (marktrykk 0,27 kg/cm2) - svært god i blautmyr og djup snø, og mykje brukt i «nordområda»
MT-LBV-NS "Altaj" – forbedra mobilitet og breidare belte (marktrykk 0,27 kg/cm2) - tilpassa for sivilt bruk
МТ-LBVMK — versjon med 12,7mm mitrajøse for luftvern av typen Kord maskingevær, og med motor av typen JaMZ-238VM med 240 hestekrefter.[2]
МТ-LBVM1K — versjon tilpassa for bruk i høgfjellet, med motor av typen JaMZ-238BL-1 med 310 hestekrefter og ny radiostasjon.
SA-13 Gopher – Luftvernskøyretøy basert på eit MT-LB chassis
MT-LBVMA (objekt 6MA) med utstyr og væpning som tilsvarar BTR-80
MT-LBVMA1 (objekt 6MA1) med utstyr og væpning som objekt 6MA, men i tillegg ein 30mm granatkastar av type AGS-17
MT-LBVMA2 (objekt 6MA2) med utstyr og væpning som objekt 6MA, men med 23mm ZU-23 luftvernkanon i staden for maskingeværet KPVT.
MT-LBVMA3 (objekt 6MA3) med utstyr og væpning som objekt 6MA, men med 4 panserbekjempingsrakettar av typen 9M133 Kornet, og granatkastar av typen AGS-30 Atlant
MT-LBM1 (objekt 6M1) - modifisering av MT-LB med motor av typen JaMZ-238BL-1 med 310 hestekrefter og mekanisk transmisjon samt hydraulisk styresystem.



Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. МТ-ЛБ — многоцелевой тягач легкобронированный. С. Суворов. Журнал «Мир оружия» (WEAPON’S WORLD). 12 (15) декабрь 2005. 01 (16) январь 2005.
  2. http://muromteplovoz.ru/product/mil_mtlb_vmk.php