Kvardag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Men det gjeng an å leve
i kvardagen òg,
den grå stille dagen,
setja potetor, raka lauv
«Kvardag»

Kvardag, arbeidsdag, yrkesdag eller sykn(e) er ein dag der det er vanleg å arbeida, til forskjell frå ein helge- eller fridag. Kvardagar er gjerne dagar prega av rutine og gjentekne gjeremål. Dette er dagar då ein kan venta vanlege opningstider i butikkar, bankar og offentlege kontor, vanlege eller ordinære rutemønster i offentleg transport og vanleg rushtid.

I vestlege kulturar reknar ein gjerne måndag til fredag som kvardagar. Laurdag kan i nokre høve vera rekna som kvardag og i andre som del av helga, til dømes ved at butikkar gjerne har tilnærma normal opningstid, medan utdanningsinstitutsjonar er stengde.

Ordet kvardag kjem frå norrønt hverr dagr. Omgrepet er knytt til det som skjer kvar dag (kvardagsliv) og det vanlege (kvardagsmenneske), som ein motsats til det uvanlege og festlege gjennom uttrykk som «kvardagsleg», «den grå kvardagen» eller «striskjorte og havrelefse» når ein kjem «tilbake i kvardagen».

Kvardag har vore tema for diktarar som i diktet «Kvardag» av Olav H. Hauge og «Hyldest til hverdagen» av Dan Turèll.

Fint nok med fester! Al plads for euforien!
Lad de tusinde perler boble!
Men hvilken lykke så bagefter at lægge sig
i hvilens og hverdagens seng
til den kendte og alligevel ikke så kendte samme udsigt
«Hyldest til hverdagen»

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.