Måndag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Veka

Måndag er dagen i sjudagersveka som kjem etter sundag og før tysdag. Dagen er kalla opp etter månen.

Første eller andre[endre | endre wikiteksten]

Måndag blir rekna som den første dagen i veka i størstedelen av Europa, Afrika og Asia. På kinesisk heiter han xingqi yi, 'dag ein'. I nokre kulturar, som i jødedommen og islam, og i nokre land, mellom anna USA og Hellas, er han derimot rekna som den andre dagen i veka. På arabisk, hebraisk, gresk og portugisisk heiter dagen den andre dagen.

Ettersom sundag er helgedag i mange land, er måndagen i alle høve starten på arbeidsveka, og me har difor fått uttrykket blåmåndag om ein dag då ein, bokstaveleg eller metaforisk, vakner opp og angrer over festinga ein har gjort.

Religiøs tilknytting[endre | endre wikiteksten]

Måndag hadde samband med guden Måne i norrøn gudetru.

I hinduismen er dagen, som heiter som-var ('månedagen') på sanskrit, særleg tileigna Sjiva, og det er vanleg å tilbe eller fasta for guden på måndagar. Det er vanlegare å fasta visse månader enn andre, og praksisen tek gjerne til i månaden sjravan.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Måndag