Kvart i musikk

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvart (av latin 'fjerde') i musikk er det fjerde trinnet i ei diatonisk tonerekkje. Det kan visa til eit intervall som tilsvarer tre trinn i ei slik tonerekkje, til dømes mellom 1. og 4. trinn.[1]

Rein kvart[endre | endre wikiteksten]

Ein rein kvart er nemninga på intervallet (avstanden) mellom to tonar på fem kromatiske halvtonar, til dømes avstanden mellom C og F. Namnet kjem av at ein kvart spenner over fire trinn i dei fleste diatoniske skalaer bortsett frå lydisk. At han er rein plasserer han saman med dei andre reine intervalla kvint, oktav og prim i ein eigen intervallkategori.

I ein likesvevande skala tilsvarer tilhøvet mellom frekvensane = 1,3348 . I rein stemming tilsvarar det eit tilhøve på 3:4 .

I streng koralsats vert ein rein kvart vurdert som dissonans som må innførast og vert oppløyst etter bestemte reglar.

Ein invertert (omvend) kvart er ein kvint.

Det er vanleg å stemme strengene på kontrabassar og bassgitarar i kvartar. Gitarar vert òg stemd i kvartar med unntak av éin streng. Òg gambefamilien (viola da gamba) er delvis stemt i kvartar.

Forstørra kvart[endre | endre wikiteksten]

Ein forstørra kvart verta for kalla tritonus (tre(heil)intervallet til tonane).

Forminska kvart[endre | endre wikiteksten]

Ein forminska kvart er ein rein kvart der anten den øvste tonen er senka med ein halvtone, eller den nedste tonen er hevd med ein halvtone. Når ein brukar c som utgangspunkt, er den reine kvarten f. Hevar ein den nedste tonen med ein halvtone, får ein den forminska kvarten c - f. Senkar med den øvste tonen med ein halvtone, får ein den forminska kvarten c - f. Frå den reine kvarten a - d vert dei forminska kvartane a - d og a - d danna, frå den reine kvarten f - h dei forminska kvartane f (eller fx) - h og f - h.

I den likesvevande skalaen høyrest ein forminska kvart ut som ein stor ters. Likevel gjeld ein forminska kvart i streng koralsats som dissonans.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Kvart: musikk», Store norske leksikon, 16. oktober 2013