Kvase

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odin i ørneham med mjøden til Stuttung brygga på blodet til Kvase.

Kvase (norrønt Kvasir) var i norrøn gudetru det visaste vesenet, skapt av spytt frå vaner og æser då dei to gudeslektene slutta fred. Kvase var særs vis og kunne gje svar på alt han blei spurd om.

Kvase blei drepen av dvergane Fjalar og Galar, som brygga mjødblodet hans blanda med honning i to kar, Son og Bodn, og ein kjele, Odrøre. Den som drakk av denne mjøden fekk visdom og skaldeevner.

Jotunen Suttung fekk denne mjøden frå dvergane i bytte mot livet deira. Odin stal seinare drikken i ørneham og tok han med seg i magen til Åsgard.

Den norske søkemotoren Kvasir var kalla opp etter vismannen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Norrøne myter og sagn, Jan-Erik Ebbestad Hansen og Kari Møller (red.), Gyldendal Norsk Forlag, 1999