Kven er jøde?

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Jøde kan både visa til ein som høyrer til jødedommen som religion og ein som nedstammar frå jødar.

Legal definisjon av ‘jøde’[endre | endre wikiteksten]

Etter rabbanittisk-jødisk religiøs lov (sjå Halakhá) er du jøde om du (1) er fødd av ei jødisk mor eller (2) om du har konvertert til jødedommen. Nokre andre jødiske grupper reknar farsarven som avgjerande for om nokon er jødisk. I dei moderne rabbanittisk-jødiske retningane reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom godtek mange rabbinarar nokon som jødisk anten dei har jødisk mor eller far, så lenge dei har fått ei jødisk oppseding.

Etter rabbanittisk halakhá er kvar den som er fødd av ei jødisk mor eller som har konvertert til jødedommen i samsvar med jødisk lov rekna som jøde. I karaittisk halakhá, blant samaritanarar og enkelte jødiske grupper som inntil nyleg ikkje hadde del i den talmudiske tradisjonen reknar ein derimot farssida som den avgjerande.

I dei siste åra har reformjødedom og rekonstruksjonistisk jødedom tillate å rekne born av éin jødisk forelder som jødisk i alle tilfelle der borna er oppdregne innanfor den jødiske tradisjonen. Denne praksisen blir ikkje godteken av alle rekonstruksjonistar, og innanfor konservativ og ortodoks jødedom blir denne reforma avvist. Born av ein jødisk far og ei ikkje-jødisk mor vil i slike fall mesta alltid bli hjelpte til å konvertere om dei ønskjer det.

Jødar som sluttar å praktisere jødedommen er framleis rekna som jødiske, og det same gjeld jødar som ikkje godtek jødiske trusprinsipp og reknar seg som agnostikarar eller ateistar. Det same gjeld òg i prinsippet ein jøde som konverterer til andre religionar (som t.d. islam eller kristendom). Men i dette siste fallet misser denne personen statusen som medlem av det jødiske samfunnet (anna enn i fall der konverteringa vart gjord under tvang) og blir kjend som ein fråfallen. I tidlegare tider er det sagt at familie og venner ofte markerte ein formell sørgeperiode for ein slik person, men dette skjer svært sjeldant i dag.

Spørsmålet om kva som er avgjerande for jødisk identitet fekk ny aktualitet med opprettinga av staten Israel, og i 1950-åra bad David ben Gurion om syn på spørsmålet מִיהוּ יְהוּדִי («Kven er jøde?») frå jødiske religiøse autoritetar og intellektuelle over heile verda. Spørsmålet er langt ifrå avgjort i politisk forstand og dukkar stadig opp att i israelsk politikk.

Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.