Halakhá

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Jødedommen
Star of David.svg
Skrifter
Tanákh
Torá · Nebiím · Ketubím )
medrásj · Mekhiltá
Haggadá · siddúr
Talmúd
Misjná · Jerusjalmí
Bablí · Toseftá
Emunót vede‘ót
Misjné Torá
Moré nebukhím
Sjulḥán ‘arúkh · Mappá
Me‘ám lo‘éz
S. jesirá · Bahír · Zohar
Gudsteneste og bøn
Tempelet i Jerusalem
synagoge · minján
sjaḥarít · musáf
minḥá · ne‘ilá · ʿarbít
Modé aní · Sjemá‘
torálesing
kaddísj · ‘amidá
prestesigninga
‘alénu
kiddúsj · hammosí
b. hammazón
habdalá
Merkedagar
det jødiske året
pesah · ‘omer · sjabu‘ót
tisj‘á beáb · seliḥót
rosj hasjaná · kippúr
sukkót · sjeminí ‘aséret
simhat Torá · hanukká
tu bisjbát · purím
Livssyklus
berít milá
pidjón habbén
zebed habbát
bar miṣvá · bat miṣvá
bryllaup
Rituelle yrke
rabbinar · ḥazzán
daján · gabbáj
sofér · sjoḥét
Daglegliv
halakhá · bet din
mat · kasjrút  sjeḥitá
mikvé · tebilá · sjabbát
tallét · tefillín
Kulturell inndeling
sefardisk · askenasisk
mizrahisk · jemenittisk
italkisk · romaniotisk
Beta Esrael · Bene Israel
cochini · b. Menasjé
Teologisk inndeling
samaritansk
karaittisk
rabbanittisk
ortodoks · ḥasidisk
konservativ · reform
rekonstruksjonistisk
renewal · humanistisk
 
Abrahamittiske rel.
Jødedom  kristendom
islam  bahá’í  sikhisme

Halakhá (hebraisk הֲלָכָה hălākhā) er jødisk religiøs lov etter rabbanittisk-jødisk tradisjon. Grunnlaget for halakháen er Toráen (dei fem mosebøkene) med sine 613 bod og fortolkinga av desse i Misjná. Etter rabbanittisk tradisjon er det 613 bod i Toráen. Nokre av desse boda er retta utelukkande eller hovudsakleg mot menn eller kvinner; nokre berre til kohaním (kohanittar, prestefamiliar) og leviím (levittar, tempeltenarfamiliar); nokre berre til dei som driv landbruk innanfor landet Israel; og mange galdt berre da Tempelet i Jerusalem stod. Slik er det under 300 av dei 613 boda som faktisk er bindande i dag.

Mens ein del jødiske og andre israelittiske grupper har hevda at den skriftleg overleverte Toráen er den einaste autoritative kjelda til jødisk lov (slik som sadukkearane og karaittane, og òg samaritanarane), held den største gruppa av jødar, dei rabbanittiske jødane, på trua om at det òg finst ein autoritativ munnleg lov. Desse munnlege tradisjonane vart traderte av farisearane under tida at det andre Tempelet stod og vart seinare skrivne ned i Misjná og kommentert, kritisert og utvida av seinare generasjonar av jødiske lærde.

Rabbanittisk jødedom har alltid halde på at bøkene i Tanákh &mdash' òg kalla «den skriftlege Toráen» — alltid har vorte tradert saman med «den munnlege Toráen». I forsvar for denne tolkinga peikar tradisjonelle rabbanittiske jødar gjerne på at det i sjølve toráteksten er mange udefinerte ord og mange nemnde prosedyrar som ikkje har forklåring eller framgangsmåte i grunnteksten. Dette, argumenterer dei, tyder at lesaren er venta å kjenne desse detaljane frå den andre, munnlege versjonen. Denne parallelle tradisjonen var opphavleg berre munnleg tradert og kom dermed til å bli kjend som «den munnlege Toráen».

Ved rebbí Jehudá hannassí (kring 200 evt.) si tid, etter Jerusalems øydelegging, vart mykje av dette materialet skrive ned og redigert saman i det som kom til å bli kjent som Misjná. Over dei neste fire århundra kom denne nedskrivne lovkoden til å bli diskutert, debattert og kommentert i båe hovudsentra for jødedommen på den tida — Israel og Babylon (det noverande Irak), og kommentarane til Misjná frå desse to samfunna kom til å bli redigerte saman i kvar si skriftsamling — Talmúd jerusjalmí og Talmúd bablí. Desse att har vorte utlagt med kommentarar frå mange torálærde gjennom århundra.

Rabbinsk halakhá, eller det tradisjonelle rammeverket for rabbanittisk-jødisk liv, er altså basert på ein kombinasjon av studium av den skriftlege Toráen på den eine sida og den munnlege Toráen, det vil seie Misjná, halakhisk medrásj og Talmúd med sine kommentarar, på den andre. Halakháen har utvikla seg sakte, gjennom eit presedensbasert system. Litteraturen av spørsmål til torálærde og dei nøye overveide svara deira blir kalla responsa (på hebraisk שְׁאֵלוֹת וּתְשׁוּבוֹת [šə’ēlōt utšūḇót]). Over tid, etter som praksisane utvikla seg, vart nye kodifiseringar av jødisk lov som baserte seg m.a. på desse responsaa nedskrivne. Slike kodifiseringar inkluderer Misjné Torá, Arba‘á turím (Tur) og Sjulḥán ‘arúkh. Den sistnemnde blir rekna som den viktigaste i tradisjonell europeisk jødedom og blir sett på som autoritativ for det meste av tradisjonell askenasisk og sefardisk tradisjonell og ortodoks praksis fram til våre dagar.

Misjné Torá og risjoním[endre | endre wikiteksten]

Sjulhán Arúkh og aharoním[endre | endre wikiteksten]

Moderne tid og jødiske denominasjonar[endre | endre wikiteksten]

Reformjødedom[endre | endre wikiteksten]

Ortodoks jødedom[endre | endre wikiteksten]

Konservativ jødedom[endre | endre wikiteksten]

Rekonstruksjonistisk jødedom[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]