Kvisten

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Kvisten er ein fjordarm av Foldafjorden i Nærøy kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 8 km nordaustover til munningen av Kvistaelva i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Falskardnesodden i nord og Kitrappan i sør. Vest for Falskardnesodden går Korsnesstraumen nordover til starten av Innerfolda. Like innanfor innløpet ligg Fugløya med eit gamalt gardsbruk. Bortsett frå dette er det ingen busetnader eller vegar innover i fjorden. Kvistaodden om lag halvvegs inn i fjorden deler fjorden i to. På sørsida går Litlkvisten rett austover, medan Storkvisten går nordaustover til botn av fjorden. Innover i fjorden ligg Kvistøyan ved munningen av Kvistaelva. Koordinatar: 64°50′13.092″N 11°43′47.874″E