Hopp til innhald

Storkvisten

Koordinatar: 64°51′10.883″N 11°46′48.324″E / 64.85302306°N 11.78009000°E / 64.85302306; 11.78009000
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Storkvisten er ein fjordarm av Kvisten i Nærøysund kommune i Trøndelag. Fjorden strekkjer seg 4 km nordaustover til munningen av Kvistaelva i botn av fjorden.

Fjorden har innløp på nordsida av Kvistaodden i sør. Sør for Kvistaodden går Litlkvisten austover. Kvistøyan er ei rekkje holmar som ligg like utanfor munningen til Kvistaelva.

Det er ingen busetnader langs fjorden. 64°51′10.883″N 11°46′48.324″E / 64.85302306°N 11.78009000°E / 64.85302306; 11.78009000