Kvitkragefrøetar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kvitkragefrøetar
Kvitkragefrøetarhann
Kvitkragefrøetarhann
Kvitkragefrøetarhoe
Kvitkragefrøetarhoe
Utbreiing og status
Status i verda: LC LivskraftigUtbreiinga av Kvitkragefrøetar
Utbreiinga av Kvitkragefrøetar
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Tanagarar Thraupidae
Slekt: Sporophila
Art: Kvitkragefrøetar S. morelleti
Vitskapleg namn
Sporophila morelleti

Kvitkragefrøetar (Sporophila morelleti) er ein liten medlem i den biologiske slekta Sporophila i tanagarfamilien. Dette er den mest nordlege arten i slekta, han lever frå ekstremt sørlege Texas gjennom Mexico og Mellom-Amerika til vestlegaste Panama.

Taksonomi[endre | endre wikiteksten]

Kvitkragefrøetar, S. morelleti i Guatemala.
Foto: Magnus Manske

Fram til 2018 var dette taksonet kjent som S. t. morelleti-gruppa innanfor arten kvithalsfrøetar (S. torqueola), men blei skilt ut som sjølvstendig art og fekk namnet «Morelet's Seedeater» på engelsk.[1] Grunngjevinga var ei oppdaging av at desse to artane er djupt ulike frå kvarandre genetisk, ikkje kan få avkom saman og ikkje eingong er kvarandres næraste slektningar innanfor slekta.[2][3] Kvitkragefrøetaren har underartane morelleti, sharpei og mutanda.[4]

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dette er ein liten til mellomstor frøetar, ca. 11 centimeter i kroppslengd. Felles for alle underartane er at hannar har kvit strupe og kvit krage som går opp mot nakken, svart hovud og kinn. Det er skildra tre underartar, morelleti, sharpei og mutanda.[5] Hannar av nominatforma har kvit underside og overgump. Andre underartar har svak kanelraud farge på undersida. Hoa sin fjørdrakt er brungul med tydelege kvite flekker på vengene.

Utbreiingsområdet er frå eit lite område langs Rio Grande, Texas i USA sør gjennom austlege Mexico og Mellom-Amerika til Panama. Kvitkragefrøetaren lever hovudsakleg i tropiske og subtropiske grassletter, savannar og buskmarker, men kan også finnast på beitemarker, dyrkbar mark og sterkt øydelagde tidlegare skogar.[4] Dei kan hekke frå havnivået og opp til 1500 moh. Kvitkragefrøetarar et mest grasfrø, og nokon gonger insekt og bær. Dei søkjer ofte etter urteaktige plantar, meir sjeldan på bakken.

Storleiken på populasjonen er ikkje estimert og er trudd å vere høg og stabil. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. The Cornell Lab, eBird/Clements Checklist v2018 Updates & Corrections – August 2018 Henta 17. oktober 2023
  2. Chesser, R. Terry; Burns, Kevin J.; Cicero, Carla; Dunn, Jon L.; Kratter, Andrew W.; Lovette, Irby J.; Rasmussen, Pamela C.; Remsen, J. V.; Stotz, Douglas F.; Winger, Benjamin M.; Winker, Kevin (July 2018). «Fifty-ninth Supplement to the American Ornithological Society's Check-list of North American Birds». The Auk 135 (3): 798–813. ISSN 0004-8038. doi:10.1642/auk-18-62.1. 
  3. Mason, Nicholas A.; Olvera-Vital, Arturo; Lovette, Irby J.; Navarro-Sigüenza, Adolfo G. (2018). «Hidden endemism, deep polyphyly, and repeated dispersal across the Isthmus of Tehuantepec: Diversification of the White-collared Seedeater complex (Thraupidae: Sporophila torqueola. Ecology and Evolution (på engelsk) 8 (3): 1867–1881. ISSN 2045-7758. PMC 5792519. PMID 29435260. doi:10.1002/ece3.3799. 
  4. 4,0 4,1 Eitniear, J. C. (2020). Morelet's Seedeater (Sporophila morelleti), version 1.0. In Birds of the World (P. G. Rodewald, Editor). Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.whcsee1.01 Henta den 17. oktober 2023
  5. Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2023). «Tanagers and allies». IOC World Bird List Version 13.1. International Ornithologists' Union. Henta 17. oktober 2023. 
  6. BirdLife International (2023) Species factsheet: Sporophila morelleti. Henta frå http://www.birdlife.org den 17. oktober 2023

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Kvitkragefrøetar