Kypros i Eurovision Song Contest 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Eurovision Song Contest 1981
Land Kypros
Offisielt Cyprus
Kringkastar Radiofonikó Ídrima Kýprou
Nasjonal uttaking
Uttaking Intern
Artist(ar) Island
Song «Mónika»
Språk Gresk
Låtskrivar(ar) Dóros Georgiádis og Monika Mickutė
Resultat
Finalepoeng 69
Finaleplass 6

Kypros, offisielt Cyprus, debuterte i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland med songen «Mónika», framført på gresk av Island. Songen er skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė.

Finalen[endre | endre wikiteksten]

Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valde ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1981.[1] Bidraget vart «Mónika», skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė, og framført på gresk av Island. Gruppa vart sett saman spesielt til Eurovision Song Contest 1981, og medlemmene var Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. I finalen enda Kypros på sjetteplass med 69 poeng; tolv frå Hellas, ti frå Storbritannia, åtte frå Nederland og Irland, sju frå Noreg og Belgia, seks frå Jugoslavia, fem frå Israel og tre frå Danmark og Sveits. Dette er ein av dei beste plasseringane landet har fått i Eurovision Song Contest fram til i dag.

Poeng frå Kypros
12 poeng Irland
10 poeng Sveits
8 poeng Vest-Tyskland
7 poeng Frankrike
6 poeng Hellas
5 poeng Belgia
4 poeng Storbritannia
3 poeng Jugoslavia
2 poeng Nederland
1 poeng Sverige

Poeng til Kypros
12 poeng Hellas
10 poeng Storbritannia
8 poeng Irland, Nederland
7 poeng Belgia, Noreg
6 poeng Jugoslavia
5 poeng Israel
4 poeng
3 poeng Danmark, Sveits
2 poeng
1 poeng

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chipre Eurovisión 1981» (på spansk). eurovision-spain.com. Henta 16. april 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]


Mal:Land i Eurovision Song Contest 1981