Mónika

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Denne artikkelen handlar om songen. For kvinnenamnet, sjå Monika.
«Mónika»
Singel av Island
Land Kypros
Språk Gresk
Utgjeve 1981
Låtskrivar(ar) Dóros Georgiádis og Monika Mickutė

«Mónika» (gresk «Μόνικα») er ein singel av Island. Songen er skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė.

Eurovision[endre | endre wikiteksten]

Eurovision Song Contest 1981[endre | endre wikiteksten]

«Mónika»
Eurovision Song Contest 1981
Land Kypros
Artist(ar) Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis
Alias Island
Språk Gresk
Komponist(ar) Dóros Georgiádis
Låtskrivar(ar) Monika Mickutė
Resultat
Finalepoeng 69
Finaleplass 6
Kypros i Eurovision Song Contest
«Mónika» «Móno i agápi»
(1982)

Radiofonikó Ídrima Kýprou hadde ein intern uttaking der dei valte ut bidraget som representerte Kypros i Eurovision Song Contest 1981 i Dublin i Irland.[1] Bidraget vart «Mónika», skriven av Dóros Georgiádis og Monika Mickutė, og framførd på gresk av Island. Gruppa vart sett saman spesielt til Eurovision Song Contest 1981, og medlemmene var Aléxia Vassilíou, Areti Kassapi Haralbidou, Aristos Moskovakis, Roger Lee og Dóros Georgiádis. I finalen enda Kypros på sjetteplass med 69 poeng; tolv frå Hellas, ti frå Storbritannia, åtte frå Nederland og Irland, sju frå Noreg og Belgia, seks frå Jugoslavia, fem frå Israel og tre frå Danmark og Sveits. Dette var fyrste året landet deltok i Eurovision Song Contest samt ein av dei beste plasseringane landet har fått fram til i dag.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Chipre Eurovisión 1981» (spansk). eurovision-spain.com. Henta 16. april 2014. 

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Mal:Songar i Eurovision Song Contest 1981