Kyrksæterøra
Kyrksæterøra | |||
tettstad | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Trøndelag | ||
Kommune | Heim | ||
Areal | 2,29 km² | ||
Folketal | 2 563 (2017) | ||
Folketettleik | 1 119 / km² | ||
Postnummer | 7200 KYRKSÆTERØRA | ||
Preposisjon | på Kyrksæterøra | ||
![]() Kyrksæterøra | |||
Wikimedia Commons: Kyrksæterøra | |||
Kyrksæterøra er ein tettstad og eit av to administrasjonssenteret i Heim kommune i Trøndelag fylke, i lag med Liabø. Staden ligg inst i Hemnfjorden, mellom fjorden og Rovatnet, og har 2 563 innbyggjarar per 1. januar 2017.
Han var tidlegare administrasjonsstad i Hemne kommune
Tettstaden er eit handelssentrum og her er det hotel, daglegvarebutikkar, klede- og sportsbutikkar, frisør, verkstad, camping- og hytteutleige, småbåthamn, bank og serveringsstader. Av industri har Kyrksæterøra skipsverft, byggfirma, trevarefabrikk og avlsfabrikk for laks og regnbogeaure. Fylkesveg 680 går gjennom staden.
Kyrksæterøra har 10-årig grunnskule og vidaregåande skule med allmenn- og yrkesfag. Av offentlege tenester er det lækjar og tannlækjar, og helse- og eldresenter.
Hemne kyrkje ligg på toppen av endemorenen (Skeiet) mellom Rovatnet og Hemnfjorden.
Namnet «Kyrksæterøra» kjem opphavleg frå gardsnamnet Kirkjusoðin, 'på kyrkjesida (av elva Søa)'; siste ledd øyr, 'sandbanke'.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- «Kyrksæterøra» i Store norske leksikon, snl.no.
- SSB: «Tettsteder og sentrumssoner. 1. januar 2005. Sør-Trøndelag»
- Denne artikkelen bygger på «Kyrksæterøra» frå Wikipedia på bokmål, den 23. september 2008.
Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]
- Bilete frå Kyrksæterøra Arkivert 2011-08-28 ved Wayback Machine.
- Vêrvarsel for Kyrksæterøra Arkivert 2012-03-26 ved Wayback Machine., yr.no