Kyvette

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kyvettar til spektrofotometer av kvarts (framme) og plast.
Kyvette med lok til elektroporering.

Kyvette eller kuvette (av fransk cuvette) er eit lite kar til bruk i laboratorium. Det blir brukt til å ha væske i innan ulike kjemiske forsøk og prosessar, til dømes fotografi, elektroporering og spektroskopi. Karet er gjerne kubeforma, men kan også vera laga av ein sylinder. Det blir brukt ulike harde materiale, som glas, plast, porselen, kvarts eller andre mineral til å laga kyvettar. Sidene kan vera gjennomsiktige eller nokre av dei kan vera matte eller ugjennomsiktige. Kara kan nyttast opne eller dei kan vera stengbare med lok, skrukork eller propp.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Innan spektroskopi er kyvettar viktige behaldarar med standardiserte mål som gjer at ein kan samanlikna eigenskapar i ulike væsker. Ein bruker mellom anna kyvettar i spektrofotometer. Her kan ein setja inn ein eller fleire kyvettar med prøveløysing i, slik at væska kan gjennomstrålast.

I fotografi bruker ein lange, smale kyvettar til fotografiske bad. Dei inneheld ei løysing med sølvnitrat og andre stoff som fotografiske plater kan dyppast i.

Materiale[endre | endre wikiteksten]

Dei vanlegaste materiala for kyvettar er plast, glas og kvarts. Pris og bruk bestemmer kva stoff ein føretrekk. Plastkyvettar er billige og knuser ikkje om ein mister dei, men er ugjennomsiktige i ultrafiolett lys. Kvarts er sprøare, men er til motsats frå plast og glas gjennomskinleg for ultrafiolett lys.[1]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«kyvette» i Store norske leksikon, snl.no.

  • «cuvette» i Century Dictionary and Cyclopedia (ved wordnik.com)