Lydbok

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kassett med ein del av ei lydbok.

Ei lydbok eller ljodbok er ei innspeling av ei bok som vert lesen høgt, og dermed nyttar tale istaden for tekst. Lydbøker vert ofte nytta av personar med synsvanskar eller er ordblinde. Mange funksjonsfriske nyttar òg lydbøker for å slappe av eller medan ein driv på med andre ting. Dei fleste folkebiblioteka i Noreg har lydbøker til utlån.

Opptak[endre | endre wikiteksten]

Bur for opptak av lydbøker.

Når ein les inn lydbøker lyt ein syta for at det er stillt i rommet, slik at ein ikkje får med bakgrunnstøy på opptaket. Ein måte å oppnå god støyisolasjon på er å bygga eit lite lydisolert rom, eller bur.

Rom i rommet[endre | endre wikiteksten]

Det beste er byggja to bur, den eine inne i det andre. Det ytre buret kan plasserast direkte på golvet, medan det indre buret helst bør plasserast på lyd- og vibrasjonsabsorberande underlag, av same type som vert nytta i større studio. Det bør plasserast lydansorberande isolasjonsmateriale, som til dømes mineralull, mellom dei to bura, og dette bør vera den einaste kontakten mellom dei. Døra inn til buret bør òg vera lydisolert.

Ventilasjon[endre | endre wikiteksten]

For å sikra god tilgang på frisk luft, men òg for å unnga at det vert for varmt i buret trengst det eit ventilasjonssystem, med eit inntak og eit utslepp[1]. For å få god luftsirkulasjon trengst dei ei vifte i inntakskanalen. For å ikkje generera støy vert det nytta saktegåande vifter med stor diameter. Vifta er vanlegvis plassert på utsida av buret, og luftinntaket må ha etter måten stort tverrsnitt, for å hindra at det oppstår støy på grunn av turbulens i inntakskanalen. Helst bør det byggast ei støysluse mellom vifta og inntaket til rommet. Både inn-og utblåsingskanalane bør forast med lydabsorberande materiale, og det vert nytta fleksible røyr mellom det ytre og det indre buret.

Innreiing[endre | endre wikiteksten]

Bur for opptak av lydbøker, med absorberande materiale som reduserer refleksjonar.

Innreiinga er ofte svært enkel, med det trengst ein stol og eit lite bord, eller ei hylle, for å plassera mikrofonen, boka eller manuskriptet ein les frå, ei leselampe, etc. Ofte er det plassert dempemateriale bak manuskriptet og på sidene, for å hindra for kraftige refleksjonar. Ein kan òg nytta ein retningsfølsam mikrofon for å hindre opptak av reflekter lyd.

Elektisk installasjon[endre | endre wikiteksten]

Rommet må ha ein kanal mellom inn- og utsida, slik at ein kan føra inn elekriske ledningar til lamper og anna elektisk utstyr. I enkle rom kan ein nytta ei skøyteledning, men det beste er permanert innstalerte kontaktar i rommet. Datamaskinar har vifter som genererer støy, så dei må plasserast på utsida av rommet. Ein fører inn kablar til skjerm, tastatur, mikrofonkabel, osb. gjennom kanalar, som helst er separate frå kanalen for nettspenning (230 V RMS). For å hindra at det trengjer inn støy gjennon slike kanalar vert det nytta fleksiblt materiale mellom det ytre og det indre buret, og kanalane vert fylde med lydabsorberande materiale, som til dømes mineralull.

Redigering[endre | endre wikiteksten]

Audacity.

Lydbøker vert opptekne med monofonisk lyd. Etter opptaker lyt ein redigera lydfilene, for å fjerna ulydar som hosting, nysing, og liknande. Av og til oppdagat ein feil eller ulydar i nokre avsnitt, slik at dei lyt lesast inn på nytt. Ein treng ikkje så svært avanserte lydredigeringsprogram. Det finst open kjeldekode redigeringsprogram, som til dømes Audacity, som er meir enn bra nok.

Distribusjonsformat[endre | endre wikiteksten]

Lydbøker vart tidlegare utgjevne på analoge format, fyrst som grammofonplater og så på kassett. Det digitale formatat CD tok etter kvart over. I dag er det mest vanleg med digitale filformat, som så godt som alltid er komprimerte. Det noko utdaterte formatet MP3 er framleis i brukt, men meir moderne komprimeringsalgoritmer, som AAC (ein del av MPEG-4) resulterer i betre lydkvalitet enn MP3 for same filstorleik[2]. Ogg-Vorbis er eit anna format som høver til lydbøker. Dette er eit ope format, som alle kan nytta utan å betala lisens. Fleire føretak, som Apple, Microsoft, Amazon, etc. gjev ut lydbøker på proprietære format, i ein freistnad på å låsa kundane til sine eigne butikkar. Det er òg vanleg å strøyma lydbøker. Data straumen blir da komprimert med same type algoritmer som ved lagring i filer. For å lytta til strauma lydbøker kan ein nytta ein nettlesar på ein PC, eller ein app på eit nettbrett eller ein mobiltelefon. Nettlesaren, eller appen, må da ha ein dekodar som pakkar ut den komprimerte datastraumen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. P. Newell, Recording studio design, Focal Press, 2006.
  2. R. Geiger, R. Yu, J. Herre, S. Rahardja, S.-W. Kim, X. Lin og M. Schmidt, ISO/IEC MPEG-4 High-definition scalable advanced audio coding, Jou. Audio Engineering Society, bind. 55, nr. 1/2, jan./feb. 2007, ss. 27–43

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]