Læresvein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Jesus og læresveinane hans teikna av Rembrandt.
Statue av Adi Shankaracharya med disiplar.

Læresvein er eigentleg ein mannleg elev eller ein lærling. Ordet vert helst brukt om Jesu læresveinar frå Bibelen. Det kan brukast om ein mannleg elev, disippel eller apostel.[1]

Kristendomen[endre | endre wikiteksten]

«Læresvein» vert gjerne brukt om Jesu læresveinar, anten dei er kvinner eller menn, men eldre bibelomsetjingar brukar òg ordet 'læresyster'[2] eller 'læremøy'[3]. Ordet «læresvein» kan også brukast i overført tyding om folk som er lojale mot læremeisteren sin slik Jesu læresveinar var.

I den nyaste bibelomsetjinga frå Det Norske Bibelselskap, brukar dei det latinske ordet disippel istaden for det norske ordet læresvein, sidan ordet disippel i dag er best innarbeidd på norsk.

Læresveinar er nemnde både i Det gamle (Jes. 8,19) og Det nye testamentet.

Dei fyrste læresveinane åt Jesus var i fylgje Johannesevangeliet Johannes, son åt fiskaren Sebedeus, og Andreas. Desse to var opphavleg blant døyparen Johannes sine læresveinar. Same dag slutta Simon, bror til Andreas, seg til dei; det var han Jesus kalla Peter. Dagen etter gjekk dei frå Jordanelva til Galilea. Då fekk dei fylgje av Filip og Natanael.

Etter dei synoptiske evangelia var Jesu fyrste læresveinar fiskarar ved Genesaretsjøen; fyrst kalla Jesus Simon Peter og Andreas, bror hans, lenger framme fekk han fylgje av brørne Jakob og Johannes og Sebedeus, far deira.

Elleve av dei tolv fyrste læresveinane vart sidan valde ut til apostlar.

Talet på læresveinar auka etterkvart som Jesus forkynte; og det auka endå meir etter den fyrste pinsedagen, då kyrkja vart organisert. Evangeliet etter Lukas 10,1–24 nemner sytti disiplar eller apostlar sende ut i par av Jesus. Desse blir feira som helgenar i austleg kristendom.[4] Blant dei kvinnelege læresveinane namngjev Apostelgjerningane i 9,36 Tabita (Dorkas), som tok seg av dei fattige.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]