Lützelau
Utsjånad
| Lützelau | |
|---|---|
Lützelau sett frå Etzel, Ufenau til venstre | |
| Geografi | |
| Stad | Zürichsjøen |
| Administrasjon | |
| Land | Sveits |
| Kanton Distrikt | Kantonen Schwyz Höfe |
Lützelau (gammalhøgtysk for «lita øy») er ei øy i Zürichsjøen i Sveits mellom Rapperswil (1,6 km unna) og Freienbach (3,0 km unna).
Geografi
[endre | endre wikiteksten]Lützelau ligg i Höfe i kantonen Schwyz. Sidan 1200-/1300-talet har høyrt til Rapperswil. Øya er 430 meter lang frå aust til vest og 150 meter frå nord til sør.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Øya var først nemnd i 741 då det låg eit nonnekloster her, som vart bygd av alemannisk adelskvinna Beata, dotter til Rachinbert og kona til Landolt. I år 744 vart klosteret seld til Einsiedeln kloster. Seint i mellomalderen selde Einsiedeln til hertugane av Rapperswil. Frå 1500-talet låg sjukehuset Heiliggeistspital, som frå 1810 var eit karantenesjukehus. Restane av det tidlegare klosteret frå 700-talet vart grunnlagd i 1964.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Lützelau» frå Wikipedia på engelsk, den 6. november 2011.