Lāsma Kauniste

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lāsma Kauniste


Statsborgarskap Latvia, Sovjetunionen
Fødd 19. april 1942 (81 år)
Riga
Idrett lengdeløp på skeiser
Tok del i

Vinter-OL 1968

Utmerkingar

Idrettens mester i Sovjetunionen, Arbeidets røde fanes orden

Lāsma Kauniste, fødd Avotiņa, (fødd 19. april 1942) er ein tidlegare skeiseløpar frå Riga i Latvia som representerte Sovjetunionen. Ho vart verdsmeister i 1969.

Lāsma Kauniste vart i 1967 nummer to i Skeise-VM i Deventer og nummer tre i den sovjetiske meisterskapen. Sesongane 1968-70 enda ho årleg på andreplassen i sovjetmeisterskapen. Under Vinter-OL i Grenoble deltok ho i tre av distansane og vart som best nummer fem på 1500 meter. Ved Skeise-VM 1969 på olympia-arenaen i Grenoble gjekk ho fire gode distanseløp, noko som sikra henne laurbærkransen framom Stien Kaiser, verdsmeisteren dei to føregåande åra.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]